Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Betalingssatsar pr. 01.01.2019

Helse, omsorg og sosiale tenester

Prisar på middagslevering frå Fitjar bu- og behandlingssenter og priser for vederlag/eigenbetaling for praktisk bistand/heimehjelp finn du her. 

Folketrygden sitt grunnbeløp finn du her.

Barnehage
Alle dei ordinære heildagsbarnehagane i Fitjar har innført maksimalpris for heil plass kr. 2 990,-.
Foreldre som har born i barnehagear i Fitjar får moderasjon etter følgande reglar:
30% moderasjon for barn nr 2. For barn nr tre og øvrige vert det gjeve 50% moderasjon av fastsett betalingsats for barn nr 1.

Moderasjon i foreldrebetaling 
Det er to ordningar for å søkja moderasjon i foreldrebetaling:

Ordning 1: Grunnlag for å søkja om redusert foreldrebetaling 
Ingen familiar skal betala meir enn seks prosent av inntekta si for ein barnehageplass. Familiar med inntekt under kr. 548 500 (frå 1. august 2019) vil såleis betala mindre enn makspris på kr. 3 040 pr. 1. august 2019.

Betalinga skal reknast ut frå hushaldet si samla skattepliktige kapital- og personinntekt.

Ordning 2: Gratis kjernetid for 3, 4 og 5 åringar for familiar med låg betalingsevne 
Alle 3, 4 og 5-åringar og barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage pr.veke.  Inntektsgrensa er sett til kr. 548 500 frå 1. agust 2019.

Felles for ordningane gjeld:
Hushald: einsleg, ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar.

Som sambuarar reknar ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande tilhøve i minst 12 av dei 18 siste månadene, eller har felles barn. Bur eit barn fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i hushaldet der barnet er folkeregistrert.

Søknadskjema for å søkja finn du her

Skulefritidsordning

Vedtekter og betalingssatsar for skulefritidsordninga (SFO) 2019 finn du her
Betalingssatsar for ordinær SFO er som følgjer, gjeldande frå 01.01.2019.

T.o.m. 10 timar pr. veke: kr 1.525,- pr. mnd.
T.o.m. 12 timar pr. veke: kr 1.748,- pr. mnd.   
T.o.m. 14 timar pr. veke: kr 1.948,- pr. mnd.   
T.o.m. 16 timar pr. veke: kr 2.120,- pr. mnd.  
T.o.m. 18 timar pr. veke: kr 2.385,- pr. mnd.  
T.o.m. 20 timar pr. veke: kr 2.650,- pr. mnd.   
Over 20 timar pr. veke:   kr 2.916,- pr. mnd.  

Det vert kravd betaling for 11 månader, halv sats for august og juni.

Kjøp av plass på SFO einskilddagar:
Frå 1. januar 2019 vert dagsprisen for å nytta SFO på einskilddagar kr 332,-.  Utvida SFO-tilbod i periodane skuleårslutt til 1. juli og frå 1. august til skuleårstart. 

Kulturskule
Elevavgifta for 2019 er kr 1 509,- for halvåret. Kulturskulen har slik moderasjonsordning: plass nr 2 eller fleire kr 1 065,-.  Faktura vert sendt ut i oktober og februar. 
Elevane bind seg for minst eit halvt år og må melde seg ut skriftleg pr. brev eller e-post innan 15. mai eller 1. desember. Sjå eige skjema for innmelding og utmelding.

Sakshandsamingsgebyr plan og byggjesak 
Vedtekne satar for handsaming av dispensasjonar, byggjesak, oppretting av grunneigedom, kart- og oppmålingsarbeid, kart- og eigedomsoppgåver, seksjonering, reguleringsplanar, landbruk- og havbrukssaker, hamne- og farvasslova finn du her. 

Kommunale årsavgifter (inkl. mva.)
Vatn bustad kr 3 180,-
Kloakk bustad kr 4 175,-
Feiing kr 680,-
Vatn bustad < 80 m2 kr 2 978,-
Kloakk bustad < 80 m2 kr  3 132,-
Vatn fritidsbustad/naust kr 1 986,-
Kloakk fritidsbustad/naust kr 2 087,-
Vannpost kr. 497,- 

Tilknytingsavgifter bustad (inkl. mva.)
Vatn kr 20 000,-
Kloakk kr 16 250,-
Gjeld for bruksareal opp til 250 m2.

Tilknytingsavgifter fritidsbustad (inkl. mva.)
Vatn kr 26 875,-
Kloakk kr 26 875,-

Grunnlag for berekning av tilknyting og årsgebyr finn du her

Renovasjonsavgift og slamgebyr
Informasjon og priskalkulatoren finn du på SIM sin nettstad

Alkohollova
Les meir om gebyr for sals- og skjenkeløyve
Ambulerande løyve kr 370
Kunnskapsprøven om alkohollova kr 400
Etablerarprøven kr 400 

Kontakt oss