Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

HELSESTASJONEN OG SKULEHELSETENESTA

Helsestasjonen opnar for tilnærma normal aktivitet den 27.04, men det er framleis nokre endringar i høve tilbodet hjå jordmor, helsestasjon, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom. Me ynskjer så få besøkande på venterommet som mogleg i høve smittvern.  Me oppmodar alle til å følgje nasjonale smittevernsråd og reglar for karantene. Følg folkehelseinstituttet sine sider for oppdatert informasjon til ein kvar tid.

Meir informasjon om endringane finn du her 

 

Om Fitjar Helsestasjon

Fitjar Helsestasjon held til i "Havnahuset".

Adressa er: Gamle Havnavegen 23, 5419 Fitjar.

Ope måndag - fredag kl. 08.30 - 15.00 (med atterhald om endringar).

Oppgåvene til jordmor- og helsesøstertenesta i Fitjar kommune er særleg knytt til helsefremjande og førebyggjande arbeid.

Helsesøstertenesta driv førebyggjande arbeid, og det skal vera låg terskel for å kontakta oss. Me svarar på spørsmål og gjev råd og rettleiing. Time for faste kontrollar og vaksinering må tingast på førehand.

Helsestasjon for ungdom er ope for "drop in" onsdagar kl. 13:00-15:00 (jf. skuleruta).

 

Kontaktinformasjon:

Kontaktinformasjon for helsestasjonstenesta:

 

 

Rimbareid Barne- og ungdomsskule: Helsesøster Inger Ragnhild Bøe og Mar G. Rosseland

Tlf: 901 75238. E-post: inrb@fitjar.kommune.no

Øvrebygda og Selevik skule: Helsesøster Inger Ragnhild

Tlf: 901 75238. E-post: inrb@fitjar.kommune.no

Fitjar Vidaregåande skule: Leiande helsesøster Linn Therese

Tlf: 915 24832. E-post: liol@fitjar.kommune.no

På Folkehelseinstituttet sin nettstad, www.fhi.no, kan ein lese meir om vaksiner, sjølvbetjeningstenesta Mine Vaksiner, og reisevaksiner. 

Prisliste for reisevaksine finn du her 

Ny publikumsteneste om vaksiner

Den 1. desember lanserer Folkehelseinstituttet ei ny sjølvbetjingsteneste på nettet - Mine Vaksiner.  Tenesta vil gje publikum ei oversikt over kva vaksiner som er registrert på dei sjølv og deira born under 16 år.  Ein kan også skrive ut eit internasjonalt vaksinasjonskort.

Mine Vaksiner blei til etter eit initiativ frå Helse- og omsorgsdepartementet i 2010.  Initativet kom i samband med oppretting av den nasjonale helseportalen www.helsenorge.no .  Under www.helsenorge.no/selvbetjening vil publikum få samla tilgjenge til fleire elektroniske tenester, slik som bytte av fastlege, få oversikt over eigne elekotroniske reseptar og altså no vaksinasjonar.  Mine Vaksiner kan også nåast direkte på www.fhi.no/minevaksiner

Desse vaksinene er registrert og visast i Mine Vaksiner:

  • Barnevaksiner:  alle som er født i 1995 og seinare vil finne barnevaksinene sine.  I 2011 vil det sei alle som er under 15 - 16 år.
  • Reisevaksiner som er tekne i 2011 og seinare.  Gjeld alle aldersgrupper.
  • Pandemivaksine (svineinfluensa) som vart gitt i 2009 og seinare.  Gjeld alle aldersgrupper.
  • Dersom du kjem frå eit av prøvefylka; Østfold, Akershus, Oslo, Hedmark og Hordaland, og er født i 1976 og seinare, kan du finne både barnevaksiner og andre registrerte vaksiner.  I 2011 vil dette sei aldersgruppa under 34-35 år.

For å få tilgang til tenesta, treng du ein elektronisk ID på høgaste sikkerhetsnivå, det vil sei eit smartkort i form av BuypassID (Norsk Tipping) eller sikker USB-pinne i form av Comfides e-ID.  Informasjon om dette finn du på Helse Norge sine nettsider.

 

Kontakt oss