Hopp til innhold Hopp til søk

Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering

Oppretta: 13.11.2012 – Sist oppdatert 20.06.2018

Koordinerande eining er ein plass å venda seg når innbyggjarar i kommunen har trong for samordna/koordinerte tenester uavhengig av alder eller helsetilstand.

Alle kommunen sine innbyggjarar, alle tilsette i kommunen eller eksterne samarbeidspartnarar kan venda seg til koordinerande eining.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Koordinerande eining for habilitering og rehabilitering

Oppretta: 13.11.2012 – Sist oppdatert 20.06.2018

Koordinerande eining er ein plass å venda seg når innbyggjarar i kommunen har trong for samordna/koordinerte tenester uavhengig av alder eller helsetilstand.

Alle kommunen sine innbyggjarar, alle tilsette i kommunen eller eksterne samarbeidspartnarar kan venda seg til koordinerande eining.

Koordinerande eining skal bidra til å sikra eit heilskapleg tilbod for menneske som har  trong for sosial, psykososial eller medisinsk habilitering og rehabilitering. jf. helse- og omsorgstjenesteloven § 7-3

I Fitjar kommune er det rehabiliteringskoordinator som har funksjonen koordinerande eining saman med saksbehandlar i pleie- og omsorgsavdelinga.

Desse er for tida:

Rehabiliteringskoordinator/fysioterapeut Sigrid Fangel mob. 901 37 648 og saksbehandlar/sjukepleiar Astrid de Vreede tlf. 53 45 86 02.

Ved eventuelle saker innan sosialtenesta/rus, er det saksbehandlar ved Nav Fitjar på tlf. 81 58 10 00 som kan kontaktast. 

Koordinerande eining har til oppgåve:

  • Koordinere tenester brukarane treng
  • Ha oversikt over kva tenester som er tilgjengeleg i Fitjar Kommune og formidle tenester som er aktuelle
  • Vera knutepunkt for samarbeid mellom instansar i og utanfor kommunen
  • Ta imot søknad og gjera vedtak om individuell plan
  • Opprette koordinator
  • Legga til rette for brukarmedverknad

Søknad om Individuell Plan (IP) kan sendast til:

KOORDINERANDE EINING

v/Rehabiliteringskoordinator Sigrid Fangel, Gamle Havnaveg 23, 5419 Fitjar, eller

v/Saksbehandlar Astrid de Vreede, Havnahuset bu- og servicesenter, 5419 Fitjar kommune

Habilitering og rehabilitering er definert i forskrift om habilitering og rehabilitering, individuell plan og koordinator  § 3

"Habilitering og rehabilitering skal ta utgangspunkt i livssituasjonen og måla til den einskilde. Pasient, brukar, pårørande og tenesteytarar nyttar målretta samarbeidsprosessar på ulike arenaer. Prosessane er kjenneteikna av koordinerte, samanhengande og kunnskapsbaserte tiltak. Formålet er at den einskilde pasient og brukar, som har eller står i fare for å få innskrenka i sin fysiske, psykiske, kognitive eller sosiale funksjonsevne, skal få høve til å oppnå best mogleg evne til funksjon og meistring, sjølvstende og deltaking i utdanning og arbeidsliv, sosialt og i samfunnet."
Endra ved forskrift 10 april 2018 nr. 556 (i kraft 1 mai 2018)

Kontakt oss