Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Lege og Fysioterapi

 Avdelinga har følgjande hovudoppgåver:

- Legeteneste

- Fysioterapiteneste

- Miljøretta helsevern

 

Lege

Når du treng legehjelp – kven skal du ringja?

1.Fastlegen din i opningstida

2.Legevakt 116117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje          kan venta

3.113 når det er akutt og står om liv

 


Kontaktinformasjon fastlegar

Kommunen har 3 fastlegar, som alle er lokalisert i Fitjar legesenter.

Opningstider: 08:00 - 15:00 alle dager (utanom helg og helligdagar)

 

Legane ved legesenteret er:

- Waleed Shaie Brisam (kommuneoverlege)

Gabor Pal Borgulya 

- Sahad Mohammed Al-Mosawi (helsestasjonslege men også fastlege)

 

Telefon legesenteret: 53497105 (evt 94816486 dersom vanlig nr er ute av drift)

Telefontid: 08:30 - 11:30 og 13:00 - 14:30. 

Du kan bestille time og faste reseptar via sms:

Send sms til 2097 med følgjande innhald:
FITJAR fødselsdato, ditt navn, grad av hast
(Unngå sensitiv informasjon)

Til dømes:
FITJAR 030562 Kari Normann Treng time for konsultasjon

Meir informasjon finn du på heimesida til legesenteret: http://www.fitjarlegesenter.no

                                                                                                                    
 

Legevakt

Bømlo, Fitjar og Stord kommune samarbeider om legevakt - Sunnhordland interkommunale legevakt. Legevakta er bemanna med både lege og sjukepleiar. Legevakta er innretta mot akutte tilstandar. Legevakta tilbyr hjelp ved akutte skadar, sjukdomar og kriser. Me behandlar også mindre alvorlige akutt-tilstandar, men alvorlige tilstandar vert behandla først. Kroniske sjukdomar vert berre behandla når det er ei akutt forverring eller anna akutt behov.

Mellom klokka 22.00 og 08.00 tek ein kun i mot pasientar som treng akutt augenblikkeleg hjelp. Mindre alvorlege tilstandar blir vist til dagtid og pasienten sin eigen fastlege. Med augeblikkeleg hjelp meiner ein livstrugande sjukdom eller skade, alvorleg sjukdom eller skade eller mistanke om dette, sjukdom eller skade der det kan medføre fare for varig helseskade eller vesentleg forverring ved å vente med legekonsultasjon til neste dag, eller utålige sympotom (smerte, kvalrme eller liknande).

Telefon: 116117

Opningstider:

Kvardagar: 15.00-22.00
Helg og Heilagdagar: 08.00-22.00

Legevakta held til ved sida av Stord Sjukehus (kart)

Nettstaden til Sunnhordland interkommunale legevakt IKS 

Legevaktsentral

Tlf. 53 41 63 00. Her får ein svar heile døgeret.

 

Medisinsk naudtelefon

Ring 113 ved livstrugande sjukdom og større ulukker. Naudtelefonen er open heile døgeret.

  

Fysioterapi

Kommunal fysioterapeut

Kommunefysioterapeuten har ansvar for blant anna desse kommunale oppgåvene:

  • Fysioterapiarbeid i institusjon og heimebaserte tenester (brukarar her kan og bli henvist til privat fysioterapeut)
  • Fysioterapiarbeid mot kronisk sjuke barn
  • Samarbeid med helsestasjon, deltaking i blant anna barselgrupper, og oppfølging i barnehage og skule
  • Samarbeid med skulehelsetenesta - både oppfølging av einskildpersonar og førebyggande arbeid
  • Vegleiing av personale i helse- og omsorgseiningane, delta i tverrfagleg arbeid
  • Delta i utgreiing og planarbeid
  • Kommunefysioterapeut er og rehabiliteringskoordinator, og har koordunatoransvar for nokre individuelle planar
  • Hjelpemiddelformidling, søknadar til NAV

Informasjon om eigenandel på fysioterapi finn du her

Bård Inge Bø er tilsett som kommunal fysioterapeut i Fitjar. Han kan kontaktast på E-post babo@fitjar.kommune.no og telefon 48077528.

Private fysioterapeutar med driftstilskot og refusjonsrett frå HELFO

Dersom du får ein rekvisisjon på behandling av lege kan du ta kontakt med Fitjar Fysioterapi eller Fitjar Fysikalske.

Fitjar Fysioterapi, Fitjar Kultur- og idrettsbygg, 2 etg:

Fysioterapeut Kari Raunholm, Tlf 90585586  kraunholm@hotmail.com

Fysioterapeut Ørnulf Botnen, tlf. 92032170

 Fitjar Fysikalske, 2 etg Larsenbygget:

Fysioterapeut Terje Havro, tlf: 41 44 48 96

Dei private fysioterapeutane tar seg av dei oppgåvene som primært ikkje ligg inn under kommunefysioterapeuten sitt hovudområde; til dømes

  • undersøkingar
  • funksjonsutgreiingar og motoriske vurderingar
  • utforming og oppfølgjing av tiltak
  • behandling
  • rehabilitering

 

 Kjernejournal

Alle innbyggjarar i Fitjar kommune fekk automatisk oppretta kjernejournal 1 mars 2015.

I kjernejournalen kan det registrerast:

  • Kritisk informasjon
  • Oversikt over kontakt med sjukehus
  • Oversikt over legemiddel/reseptar
  • Familie, Adresse, Fastlege
  • Eigne registreringar av innbyggjaren

Kritisk informasjon registrert av fastlege eller anna behandlar i kjernejournal er helseopplysninger som det kan vera avgjerande at helsepersonell kjenner til i ein akuttsituasjon. Dette er opplysningar som kan endre valg av undersøkelse, behandling og oppfølging av deg på sjukehus. Registreringa vil som regel skje i samråd med deg når du har legetime eller får behandling. Difor vil ikkje kritisk informasjon ligge i kjernejournalen din før legen har registrert den.

Opplysninger om din kontakt med sjukehus vil ligge i din kjernejournal. Besøkshistorikk kan også omfatte avtalespesialistar, som er spesialistar med driftsavtale med det offentlige hjelpeapparatet (eks. hudspesialister, hjerte- og lungespesialister). Med kontakt meines tid og stad for behandlingar og legetimar på sjukehus. Kontaktane kan både vera polikliniske besøk, innleggelsar eller telefonkonsultasjon m.m. Dette legges inn i kjernejournal, slik at helsepersonell kan få eit helhetlig bilete av di helse. Opplysningene om din besøkshistorikk går tilbake til 01.01.08. Det tar cirka 4 veker eller meir frå du har vert på eit sjukehus før opplysningar om dette er registrert i kjernejournal.

Kjernejournal vil innehalde ei oversikt over dei legemiddel du har fått utlevert på resept (både e-resept og papirresepter) i norske apotek. Legemiddel du har kjøpt utan resept, fått utlevert på legevakt, sjukehus / sjukeheim eller som er kjøpt i utlandet vil ikkje visast her. Etter kvart som du hentar ut legemiddel på resept registreres desse i kjernejournalen din. Her samlas inntil tre års historikk, og historikken startar den datoen kjernejournal vart oppretta for den enkelte.

Du kan bidra til å gjere kjernejournal bedre ved å sjølv registrere opplysningar i din kjernejournal (evt be fastlegen din registrere for deg). Det vil gi helsepersonell eit meir utfyllande bilete av deg og di helse. Du kan registrere næraste pårørande - personar du ynskjer helsepersonell skal ta kontakt med dersom du vert sjuk.

For å sjå din kjernejournal går du inn på denne internett-sida. Her finn du meir info om kjernejournal.

Både du og fastlegen din kan gjera endringar i kjernejournalen din. Ta gjerne opp kjernejournal når du er hos fastlegen din.

Helsenorge.no - den offentlege helseportalen

Oppretta: 22.06.2011 – Sist oppdatert 25.03.2014

Helsenorge.no er ein vegvisar til helsetenester og informasjon om helse, sjukdom, behandling og rettigheitar.

Les meir

Kontakt oss