Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Om oss i Helse og sosial

Helse og sosialsektoren yter service, behandling og anna bistand etter behov overfor kommunen sine innbyggjarar. Dette gjeld tenester som spenner frå medisinsk behandling, rehabilitering og pleie, samt praktisk hjelp, rådgjeving og omsorg, slik at kvardagen kan bli betre for den enkelte.


Sektoren vert leia av helse og sosialsjef Anne Økland. Telefon sentralbord rådhuset: 53 45 85 00
Helse og sosialetaten er delt inn i 4 avdelingar:

1. Pleie og omsorg

Avdelinga har følgjande tenester:

- Heimehjelp
- Heimesjukepleie
- Formidling av tekniske hjelpemidlar
- Psykiatritenester
- Tilbod til psykisk utviklingshemma
- Institusjonstenester
- Rehabilitering
- Matombringing til eldre
- Trygghetsalarmar
- Støttekontakt og avlastning

Pleie- og omsorgsavdelinga er delt i 3 soner med kvar sin leiar.

2. Sosialavdelinga

Avdelinga har følgjande hovudoppgåver:

- Råd og rettleiing
- Hjelp til livsopphald
- Støttekontakt og avlastning
- Edruskapsvern
- Barnevern


3. Helseavdelinga

Avdelinga har følgjande hovudoppgåver:

- Legeteneste
- Fysioterapiteneste
- Miljøretta helsevern
- Helsestasjonsverksemd

Kommunen har 2 fastlegar.

4. Helsestasjonen

Avdelinga har følgjande hovudoppgåver:

- Helsestasjonsarbeid
- Skulehelseteneste
- Jordmorteneste

Kontakt oss