I slutten av juni 2017 endra Stortinget ekteskapslova, og vigselsmynde vart overført frå domstolane til kommunen.

Vilkår og rettleiing

Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Det vil seie at de må sende inn ein del papir:

  • Eigenerklæring
  • Forlovarerklæring
  • Erklæring om skifte dersom du har vore gift før
  • Melding om endring av namn dersom du skal bytte namn

Alle desse skjema får du hos Skatteetaten. Behandlingstida er to–tre veker alt etter om ein søkjar digitalt eller ikkje.  Sakshandsaminga kan ta to-tre veker, så ver ute i god tid før bryllaupet.

Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Etter at de har fått prøvingsattesten heim i posten, kan de ta kontakt med oss for å bestille vigsel. Attesten må ikkje vere eldre enn fire månader ved vigsel. 

  • De må ha to vitne, og dei må vere til stades under seremonien. Vitna er gjerne forlovarane.
  • Brurepar og vitne/forlovarar må ha gyldig legitimasjon til vigselen. Vi godtar gyldig pass, norske førarkort og bankkort med bilete og personnummer. 

Vigsel i og utanfor normaltilfella

I tråd med kommunestyret sitt vedtak PS 43/20 av 17.06.2020, vert vigsel tilbydd til alle som ynskjer det. Normaltilbodet om kommunal vigsel vil vera i kommunestyresalen på verkedagar mellom kl. 08.00 og 15.00. Vigsle kan også gå føre seg i privat heim, ute i naturen med akseptabel framkommelighet og i andre tilrettelagte lokale. 

Ordførar Harald Rydland, varaordførar Sigurd Andre Maraas og kommunedirektør Gjermund Hagesæter har mynde til å gjennomføre vigselen. 

For kommunen sine innbyggjarar er vigsla kostnadsfri, gebyr for par som ikkje er innbyggjar i kommunen er sett til kr. 1.500,-. Den kommunale sakshandsaminga tek ein til tre veker. Dette gjeld både for innbyggjarar som for tida er busett i utlandet, og personar som berre mellombels oppheld seg i Norge. Det er tilstrekkeleg at ein av brudefolka er busett i kommunen.

Vidare er det mogleg å søkje til ordførar om å få gjennomføre vigsla utanfor normaltilfella. 
Ein kan då søkje om at vigsla vert gjennomført:

  • sjølv om ein ikkje er innbyggjar i kommunen
  • ein annan stad enn kommunestyresalen (kor som helst innanfor kommunegrensa, forutset godkjenning frå grunneigar)
  • utanfor kontortid
  • av andre folkevalde eller tilsette i kommunen

Merk at vigsel utanfor normaltilfella kan medføre krav om dekning av faktiske meirutgifter, jf. Forskrift om kommunale vigsler § 2. Dette vert avklart på førehand i kvart enkelt tilfelle.

Standardsatsar for å vigsle par utanom kontortid, og andre stader enn i kommunestyresalen er sett til:
- kr. 200,- for oppvarming av kommunestyresalen utanom kontortid
- Statens regulativ for transportkostnader ved vigsel andre stader enn i kommunestyresalen, samt dekking av eventuelle pådratte transportkostnader og opphaldskostnader ut over dette
- kr. 1.200,- pr time til dekking av lønskostnad for vigslar ved vigsel utanom kontortid, med ein time som minstebeløp

Vedtak om gebyr er heimla i Forskrift om kommunale vigsler § 3.

Skjema for vigsel finn du i skjemaportalen til kommunen. Dersom dykk fell utanfor normaltilfella lyt også skjema for vigsel utanfor normaltilfella fyllast ut. Dette finn du også i kommunen sin skjemaportal. 

Slik er seremonien

Møt opp i god tid før avtalt tid for vigsel. Det vert  sett av om lag 15 minutt til kvart par. 

Vigslaren les "Det borgarlege vigslingsformularet". Deretter spør vigslaren dykk om de vil ha kvarandre til ektefeller. Til slutt underteiknar de, vitna og vigslaren vigselsprotokollen.

Seremonien kan tilpassast med til dømes tekst og musikk ut over dette. Merk at det er opp til kommunen å vurdere kva dei vil tillate av ekstra innhald.

Kommunen sender deretter ei vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet. Samstundes får de ein kopi. Vigselsmeldinga fungerer som midlertidig vigselsattest inntil de får den endelege i posten frå Folkeregisteret.