Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Detaljregulering for del av Hellandssjøen - offentleg ettersyn

Oppretta: 21.06.2017 – Sist oppdatert 21.06.2017

Utval for plan og miljø vedtok i møte 13.06.2017 sak PS 53/17 å legge detaljreguleringsplan for del av Hellandssjøen med PlanID 201602 ut til offentlet ettersyn.  Føremålet med planen er å endre retninga på småbåthamna, slå saman to tomter som er regulert til konsentrerte fritidsbustader innanfor FK2, regulere inn ei ny fritidsbustad, samt å utvide tomtegrensa for H21 mot veg.

Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 23.06 til 17.08. Skriftlege merknader sendast til Fitjar kommune, Pb. 83, 5418 Fitjar, evt. fitjar@fitjar.kommune.no 

Dokumenta finn du her:
Utleggingsvedtak sak PS 53/17
Planomtale
Tilleggsskriv
Føresegner
Plankart

Saksdokumenta er og tilgjengelig i kundetorget på rådhuset.

Spørsmål knytt til saka kan rettast til saksbehandlar Anne-Lise Næs Olsen. 

Kontakt oss