Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Kartlegging av friluftslivområde

Oppretta: 27.02.2017 – Sist oppdatert 20.03.2017

Kartlegging og verdisetjing av område for friluftsliv i Fitjar kommune vert  no lagt ut på høyring.

Det er eit nasjonalt mål at alle kommunar skal kartleggje sine friluftslivområde innan 2018, og arbeidet skal følgje ein metodikk som Miljødirektoratet har utarbeida.

Friluftslivkartlegginga er ei statuskartlegging og har ingen juridiske bindingar.

I Fitjar har kommunen, i lag med lokale ressurspersonar, laga eit utkast til kartlegging som går fram av eit temakart. Saka var til politisk handsaming i Utval for Plan og miljø PS 10/17.

Friluftslivområda er delt inn i ulike områdetypar, det er laga ei kort områdeskildring og er delt inn i A (svært viktig), B (viktig) eller C (registert friluftslivområde).

Det er no høve til å koma med innspel til arbeidet ved å gå inn på linken til temakartet og følgja instruksane. https://multiconsult.maps.arcgis.com/apps/webappviewer/index.html?id=d47eb14b73674163a78f4327b0ac082f

Høyringsperioden er mars månad 2017

For meir info kontakt prosjektleiar Kari Rydland tlf 53458549 eller via e-post kary@fitjar.kommune.no

 

Kontakt oss