Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Landbruksplan for Stord og Fitjar 2017-2025 - offentleg ettersyn

Oppretta: 23.06.2017 – Sist oppdatert 23.06.2017

Utval for plan og miljø vedtok i møte 13.06.2017 å leggja Landbruksplan for Stord og Fitjar 2017-2025 ut på offentleg ettersyn med merknadsfrist 10. august 2017

Landbruksplanen skal ivareta fleire hovudfunksjonar:

  • Den skal gi tydelege signal om kva som er viktige areal og ressursar for landbruket.
  • Få fram kva landbruksnæringa har å seia for verdiskaping, sysselsetjing, busetjing, kulturlandskap og anna næringsliv.
  • Planen skal elles gi føringar for kommunen som landbruksmynde i høve til korleis økonomiske og juridiske verkemiddel skal forvaltast.
  • Planen skal vera eit forvaltingsverktøy, og klargjera kva for prinsipp som skal leggjast til grunn ved handsaming av einskildsaker.
  • Planen skal også gjera tydeleg landbruket sitt ansvar i høve til miljøverdiar, tilrettelegging for friluftsliv, biologisk mangfald, landskapsverdiar og kulturmiljø.
  • Planen skal vera eit viktig sektorinnspel til andre kommunale planar, i særleg grad til kommuneplanen.

Plandokumentet finn du her

Merknader til planen vert å semde Fitjar kommune. Pb. 83, 5418 Fitjar, envt. fitjar@fitjar.kommune.no innan 10. august 2017.

Spørsmål om planforslaget kan rettast til Fitjar kommune v/Audun I. Torvund på auto@fitjar.kommune.no, eller mobil 997 02 066

Kontakt oss