Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Melding om oppstart av reguleringsendring Hellandssjøen - PlanID 1222_201602

Oppretta: 03.03.2017 – Sist oppdatert 03.03.2017

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8, vert det med dette meldt oppstart av arbeid med reguleringsendring- detaljregulering for del av Hellandssjøen, småbåthamn mm., Fitjar kommune.

Planstatus og føremål

Området er tidlegare regulert i reguleringsplan «Detaljreguleringsplan for 49/274 m.fl., Hellandssjøen» med planID: 201303. Området er i gjeldande reguleringsplan vist som fritidsbusetnad (frittliggjande og konsentrert), naust, småbåtanlegg i sjø og vassdrag med tilh. strandsone, kai og småbåthamn med tilhøyrande trafikk-, parkerings- og friluftsareal.

Formålet med reguleringsendringa er å endre retning på småbåthamna (SH2) slik at denne vert meir funksjonell, slå saman dei to tomtane (nr. 2. og 3.) for fritidsbusetnad – konsentrert innanfor FK2 til éi tomt, regulere inn ein ny fritidsbustad i området mellom H47 og H21, samt å utvide tomtegrensa for H21 mot veg. Ein ynskjer å få til ei god og heilskapleg løysing for området. Ny plan erstattar/opphevar eksisterande plan for nytt planområde.

Planområdet omfattar eigedomen gnr. 49 bnr. 274 m.fl.  og utgjer totalt ca. 16,8 da.

Plankartet finn du her

Planen er vurdert i høve til forskrift om konsekvensutgreiing. Planetaten i Fitjar kommune har konkludert med at planen ikkje skal konsekvensutgreiast, då planarbeidet stort sett er i samsvar med overordna plan. Planarbeidet vil spesielt kaste lys over følgjande problemstillingar: Utnytting av området, funksjonalitet og strandsona.

 

Naboar og grunneigarar vert varsla direkte. Eventuelle merknader eller innspel som har innverknad på planarbeidet skal sendast skriftleg til: Gøtz AS v/Kari Hilde Rommetveit, Sæ 132, 5417 STORD eller til post@goetz.no innan 14.04.2017.

 

Spørsmål om eller innspel til planarbeidet kan rettast til Gøtz AS v/ Kari Hilde Rommetveit, tlf. 97653972.

 

Kontakt oss