Hopp til innhold Hopp til søk

Resultat frå folkehelseundersøkinga i Hordaland

Oppretta: 15.11.2018 – Sist oppdatert 15.11.2018

Resultata frå folkeundersøkinga er no klare og saka finn du på denne lenken.  Heile rapporten finn du her

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

"Balle Frost og leiketøysbanditten"

Oppretta: 12.11.2014 – Sist oppdatert 12.11.2014

Fitjar kulturskule set opp musikalen "Balle Frost og leketøysbanditten" torsdag 27. november kl. 18.00, i kultursalen, Fitjar kultur og idrettsbygg. Det vert også framsyningar fredag 28. november og laurdag 29. november. Det er førehandssal av billettar hos Thea Træet, det vert og anledning til å kjøpa ved inngangen.

I "Balle Frost og leiketøysbanditten" er handlinga lagt til ein liten norsk landsby der det plutseleg ei natt blir  gjort innbrudd i leiketøybutikken. Gjerningsmannen er ein skummel banditt. Christina Tørner (Tina) og hennar fem vener blir veldig triste da dei oppdagar tjuveriet.
Dei bestemmer seg for å ta kontakt med privatdetektiv Albert Frostad alias Balle Frost. Balle Frost har oppklara mange mysterie tidlegare. Saman legg dei ein smart plan. Dei må lokka Leketøybanditten i ei felle. Dei arrangerer ein storslått byfest med leiketøyutstilling. På festen vert det stilt ut gamle og nye leiker og barn og vaksne underheld kvarandre. Og som planlagt; da nattemørket senkar seg etter festen dukkar den skumle banditten opp og forsyner seg grådig av leikene...
Ei spanande jakt er i gang …!

Velkomen til musikal!!

Kontakt oss