Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Endringar i drifta av Fitjar Helsestasjon frå 27. april

Oppretta: 25.03.2020 – Sist oppdatert 23.04.2020

Me opnar denne veka for tilnærma normal aktivitet, men det er framleis nokre endringar i høve tilbodet hjå jordmor, helsestasjon, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom. Me ynskjer så få besøkande på venterommet som mogleg i høve smittvern. Sjå meir under. Me oppmodar alle til å følgje nasjonale smittevernsråd og reglar for karantene. Følg folkehelseinstituttet sine sider for oppdatert informasjon til ein kvar tid.

Jordmortenesta

Friske gravide som har time og ikkje får anna beskjed møter som avtalt. Grunna smittevern ber me om at den gravide kjem aleine til konsultasjon. Jordmor Kristine Bjelland er tilgjengeleg for telefonsamtale, råd og rettleiing på tlf: 48 04 87 30, og e-post: krbj@fitjar.kommune.no Dersom du er i karantene eller har sjukdomssymptom som luftvegsplager, feber, hoste o.l. må du ikkje møte på helsestasjonen, men ta kontakt via telefon. Det blir ikkje heimebesøk i denne perioden, men telefonkonsultasjon og/eller konsultasjon ved helsestasjonen.

Helsestasjon 0 – 5 år

Normal drift inntil vidare. Unntak er at heimebesøk blir erstatta med telefonkonsultasjon og/eller konsultasjon ved helsestasjonen. Tidlegare utsette konsultasjonar vil få timar fortløpande. Friske barn som har time og ikkje får anna beskjed møter som avtalt. Grunna smittevern ber me om at berre ein vaksen føl barnet til konsultasjon, utan søsken. Unntak er om foreldre ikkje kan kome utan å ta med søsken. Ta gjerne med ei privat leike/rangle til barnet ditt, då me har fjerna alle leiker. Dersom barn/forelder/søsken er i karantene eller har sjukdomssymptom som luftvegsplager, feber, hoste o.l. må de ikkje møte på helsestasjonen, men ta kontakt via telefon. Helsesjukepleiarar Linn Therese Olaussen og Kristine Bjelland er tilgjengeleg for telefonsamtale, råd og rettleiing på tlf: 48 04 87 30, og e-post: helsestasjon@fitjar.kommune.no

Skulehelsetenesta

Helsesjukepleiarane vil vera tilstades på skulane frå veke 18. Tidspunkt vil variere ved dei ulike skulane. Dei vil halde fram med sine oppgåver jf. årshjul og retningslinjer. Foreldre vil bli kontakta ved vaksinasjon og andre konsultasjonar. Både barn, unge og foreldre er velkomen til å ta kontakt med helsesjukepleiarane Inger Ragnhild Bøe og Mari Gregersen Rosseland ved behov. Inger Tlf: 90 17 52 38 og e-post: inrb@fitjar.kommune.no. Mari tlf: 90 41 35 59 og e-post: mros@fitjar.kommune.no

Helsestasjon for ungdom

Vanleg HFU med drop-in er stengt pga smittevern. Dersom du treng nokon å snakke med, prevensjon eller ein test i høve kjønnssjukdom, ta kontakt på tlf: 48 04 87 30 eller e-post: helsestasjon@fitjar.kommune.no , så får du ein time. Du kan ikkje møte på helsestasjonen om du er i karantene eller har sjukdomssymptom som luftvegsplager, feber, hoste o.l.

Reisevaksine

Det blir utført lite reisevaksinering i denne perioden grunna restriksjonar og smittevern. Har du timar i vente, eller andre spørsmål ta kontakt på tlf: 48 04 87 30 eller e-post: helsestasjon@fitjar.kommune.no


Hjelpetelefonar og nyttige nettsider

Det finns mange nyttige hjelpetelefonar og nettsider ein kan få råd og rettleiing frå. Her er nokre av dei:

-          Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111 (www.116111.no)

-          Mental Helses hjelpetelefon: 116 123

-          Kirkens SOS: 22 40 00 40

-          Oversikt over telefon og chatteteneste innan rus og psykisk helse 

Kontakt oss