Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Fitjar kommune rapporterer eit godt økonomisk resultat for 2019.

Oppretta: 13.02.2020 – Sist oppdatert 13.02.2020

Fitjar kommune har skapt eit godt økonomisk resultat for 2019, med eit mindreforbruk på 6,1 mill. kr.

Vi har nytta våre økonomiske ressursar i tråd med budsjettet, til kommunen sine store velferdsoppgåver og til lokal samfunnsutvikling.

Årsakene til det gode økonomiske resultatet er:

  • Dei aller fleste av kommunen sine tenesteområde har levert tenestene innanfor sine budsjettrammer,  som gjev eit samla økonomisk mindreforbruk.

Dette krev god dagleg styring av kommunen sine ressursar frå  alle leiarar og medarbeidarar, og det krev  god og jamleg  kontroll og rapportering av den økonomiske situasjonen frå økonomiavdelinga.  

Rådmannen vil takka alle leiarar og medarbeidarar for dette !

Kommunen har fått styrka sine inntekter slik :

  • Auka nasjonal skatteinngang, som har tilført Fitjar kommune 2,8  mill.
  • Utbetaling frå Havbruksfondet på 0,9 mill.  som er 0,65 mill.  over budsjett.  
  • Kommunen har fått reduserte pensjonskostnadar i  Statens pensjonskasse med knapt 1 mill.

Rådmannen er særs nøgd med eit positivt  økonomisk resultat i ei tid der rammevilkåra er strammare, og omstilling i organisasjonen pågår.

Kontakt oss