Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Fitjar Legesenter

Oppretta: 21.03.2017 – Sist oppdatert 30.03.2017

Legane i Fitjar flytter over i nytt  legesenter frå 27.03.17. Det nye Fitjar Legesenter finn ein i dei  ombygde  tannlegelokala i Fitjar bu- og beh. senter, adresse Gamle Havnavegen 2.   

Rådhusert legekontor vert stengt  27.03.17  kl. 12.00,  Legekontoret i Havnahuset er ope resten av dagen for henvendingar. Lege Gabor Pal Borgulya er førstemann på plass i dei nye lokala tysdag 28.03.17.

Tysdag 28. 03 vert Havnahuset legekontor stengt frå kl. 12. 00, då flytter  ege Waleed Brisam over i legesenteret. Frå onsdag 29.03.17,  skal alle legane vera på plass i legesenteret.  
Fitjar kommune har tilsett ein 3. lege Sahad Al- Mosawi som startar opp same veka. Den 3. legestillinga er 80 %, og legen skal ha andre kommunale legeoppgåver i tillegg og vil difor og vera ein del på jobb andre stader i kommunen.  Sahad vil vera vikar i dei andre sitt  fråvære. Det vil bli opningstider mellom 08.00 og 15.00, og telefontider som i dag.

Det er viktig og presisera at ein og kan bestille både time og fornye reseptar  på SMS  og e-post.   Meir info om dette følgjer etter kvart.

Me vonar at flytteprosess og alt skal gå greitt, men ber om forståing for at ting gjerne kan ta litt tid desse dagane.

Telefonnummer til  Fitjar legesenter:   53497105 (inntil nytt tlfsystem er på plass - då vert nr 53457190)

Bestilling av timer / ordinære medisiner kan sendes til SMS-nummer 2097. Skriv inn følgjande i meldinga:  FITJAR namnet ditt og grad av hast. Unngå sensitiv informasjon.

Mer informasjon på www.fitjarlegesenter.no

 

Kontakt oss