Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Folketalsutviklinga i Fitjar - ingen småkommune lenger

Oppretta: 22.02.2019 – Sist oppdatert 22.02.2019

I dag har SBB offentleggjort folketalet for 01.01.19, og folketalet i Fitjar er 3201.

 

I 2018 vart det fødd 24 medan det døydde 10.  Dermed vart fødselsoverskotet på 14 personar.  Samstundes flytta 103 personar til og 110 personar flytta frå Fitjar, slik at nettoinnflyttinga var -7 personar.  I alt vart me 7 fleire Fitjarbuar i løpet av 2018. Dette er ein liten, men positiv vekst.

Vi ser av tala at vi har eit lågt fødselstal, samanlikna med tidlegare år.  

 

Som ei følgje av at vi no er  over 3200 innbyggjarar fell småkommunetilskotet i inntektssystemet bort,  og i høve til inntektssystemet sine kreterier er vi no ein «sentral, mellomstor kommune»

Kommunestyret har tatt høgde for eit folketal over 3200 då dei vedtok økonomiplanen 2019-2022 i desember 2018, der småkommunetilskotet på

kr 2,85 mill. fell bort.  

 

Wenche Tislevoll

ordførar

Kontakt oss