Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Fotoutstilling i Galleri Losjen Øyvind Hjelmen

Oppretta: 01.04.2019 – Sist oppdatert 08.04.2019

Galleri Losjen viser  utstiliinga "LYS OG SKUGGE" som er eit samarbeid mellom fotograf Øyvind Hjelmen og forfattar Per Jan Ingebrigtsen. Opningstider: Tirsdag 9. april og Onsdag 10. april  kl. 13.00-15.00. Vidare opningstider vert publisert snart.

Bileta er laga i samband med eit samarbeid mellom Øyvind Hjelmen og Per Jan Ingebrigtsen, som i 2018 resulterte i utgjeving av boka Lys og Skugge. Boka inneheld dikt av Per Jan Ingebrigtsen, og bileta er laga for å fortelje historia saman med dikta, ikkje for å illustrere dei.

Øyvind Hjelmen :

Bileta hans har ofte eit anstrøk av melankoli ved seg. Dei handlar om det å vere menneske, om barndom, ungdom og vaksen-liv, og om korleis tidlegare opplevingar påverkar den vi er no. Dei handlar ikkje om å forstå, men om å oppleve – og kanskje gjenkjenne noko i sitt eige liv. Øyvind Hjelmen bur på stord og har ein bachelor frå Universitet i Bergenb i moderne kunst og estetikk frå universitetet i Bergen.

Han har arbeidd med fotografi som uttrykksmiddel i meir enn 25 år, og arbeida hans har vore stilt ut i 14 land. Bileta hans er innkjøpt til private og offentlege samlingar både i Noreg og i utlandet, til dømes Museum of Fine Arts i Houston, USA, og Centro Internationale di Fotografia Scavi Scaligeri, i Verona, Italia. Han driv utstrakt undervisning i fotografi og kunstfotografi, frå barneskular, folkehøgskular, fagskular og universitet, til fotokurs og lengre workshops i inn – og utland.

Øyvind Hjelmen har gjeve ut fire bøker:

Sentimental, Eide Forlag (2004)

Ri Vinden (med Per Jan Ingebrigtsen), Publica (2009)

Elsewhere, Kehrer Verlag Heidelberg Berlin (2011)

Lys og Skugge (med Per Jan Ingebrigtsen) Publica 2019

 Han er ein av få kunstfotografar som er inkludert i Gunnar Danbolt si Norsk Kunsthistorie,

(3. opplag, Det norske Samlaget, Oslo 2009).

 Øyvind Hjelmen er medlem av Norske Billedkunstnere og Forbundet Frie Fotografer.

 

Per Jan Ingebriktsen

 Født på Høyland i Stord kommune i 1946.  Har undervist i ulike skuleslag, men dei tjueto siste åra av lærarkarrieren hadde eg ved Stord vidaregåande skule, der eg underviste i norsk, mest på studiespesialiserande og på musikklina – der eg også var dramalærar og hadde regionsvar for den store musikalsatsinga. (Er også utdanna dramapedagog og teaterinstruktør).  Fekk i 2011 Stord kommune sin kulturpris.  Har i periodar livnært seg som forfattar og medlem av musikkgruppe, då mest i dei åra han budde i Bergen.

 

- Har skrive tekstar til 12 LP-\CD-ar, blant anna for Helge Jordal, Ivar Medaas og Kenneth Sivertsen. Har også laga songar, som er kommen ut i bokform, saman med Atle Hansen, men desse er ikkje kommen ut på plate.

Han debuterte med ei diktsamling i 1973 på det gamle nynorskforlaget Fonna Forlag, som på den tida var eit stort forlag, ikkje minst kjende for sine gode omsetjingar og utgjevingar av russisk og islandsk litteratur.

Han har skrive til saman femten skjønnlitterære verk, blant anna diktsamlinga «Etter ei regnskur», som fekk framifrå avisomtalar, blant anna av forfattarkollegaene, Jon Foss og Sigbjørn Heie. Har vidare gjeve ut fem barne\ungdomsbøker og tre vaksenromanar, på ulike forlag. «OFFER», som kom i 2014, vart tilrådd på Integreringsdirektoratet si heimeside. Boka er utseld frå forlaget – men ho er no under dramatisering i regi av han sjølv. Har skrive mange skodespel, der barnemusikkteateret «Rødt Lys» og vaksenstykket «Ri vinden» også er kommen i bokform. (2009)«Ri vinden», som hadde premiere i Bergen i 2007, var eit samarbeidsprosjekt med kunstfotograf, Øyvind Hjelmen. Vart også innkjøpt av «Kulturrådet».

 «Rødt Lys» hadde premiere på Den Nationale Scene i Bergen i 2006 med Helge Jordal i hovudrolla. Stykket hausta flotte omtalar og gjekk for fulle hus i Bergen og på turné kringom i heile landet. Om lag 120 000 norske born har til no sett stykket. Som ein liten kuriositet: Eg sette opp ei amatørutgåva for eit par år sidan, med Ole André Westerheim i ei av hovudrollene. Det vart blant anna oppført under Fitjar-festivalen det året, til det eg vil kalla godt over stappfullt hus.

Rødt Lys kom i bokform i 2007 - og i 2009 var det klart for høyrespelutgåva på Lydbokforlaget, med Helge Jordal i hovudrolla og som regissør. Både bok og lydbok vart innkjøpt av «det litterære råd». Han har vore representert i 18 antologiar – utgjeven på dei fleste norske forlag, frå Samlaget og Cappelen, til Eide Forlag og Profil.  Har gjeve ut to læreverk, bl.a. «Guten og fossegrimen», som var det første DVD-produserte læreverket her til lands. Det vart omsett til dansk – og delar av det kom ut på kinesisk. Utgjeven på MUSIT. (MUSIKKPEDAGOGISK IT-SENTER) Er teken med i professor Leif Mæhle sin bibliografi over norsk litteraturforsking 1965 -1989, «Om å skriva roman i norsktimane». (Samlaget)

 Per Jan Ingebrigtsen om "Lys og skugge" og Øyvind Hjelmen:

«Lys og skugge» er resultatet av eit nært samarbeid mellom Øyvind Hjelmen og underteikna. Det fine med Øyvind er at han ikkje lagar illustrasjonar – men fordjupingar, forlengingar og assosiasjonar, utan at han ein augneblink innskrenkar lesaren si eiga tolking av diktet.

 

           

 

 

 

 

Kontakt oss