Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Galleri Losjen På tur med Alma - M

Oppretta: 10.08.2017 – Sist oppdatert 15.08.2017

Opningstider: Tirs. 15. aug. -  fre. 18. aug. kl. 17.00–19.00, lør.19. aug. kl. 13.00–15.00. søn. 20.aug. kl. 13.00–15.00. Alle bilete, og produkt laga av jenter i Kambodsja er for sal.


Adrian Digernes Særsten har nyleg hatt avgangsutstilling ved Oslo Fotokunstskule. Han har tidlegare mellom anna hatt utstilling på Oslo S, og Galleri Losjen. Saman med tanta si Haldis Særsten, som driv hjelpeorganinsasjonen Alma-M, reiste Adrian til Kambodsja og dokumenterte korleis livet var der. I oktober reiser Adrian tilbake til Søraust-Asia.

OOOOOOOO

Omtrent 1/4 av... Kambodsjas befolkning blei drept under Pol Pot's regime på slutten av 70-talet. Halvparten av Kambodsjanarane er under 25år. Det er fleire organisasjonar som bidrar med å bedre levesituasjonen i Kambodsja, der i blant Alma-M. Alma-M er ein organisasjon som er driven av initiativtaker Haldis Særsten. Alma-M arbeider målretta for å skape eit fundament for betre oppvekst og utvikling i Kambodsja. Alma-M er registrert som ein frivillig organisasjon, og gjennom fadderordning og donasjonar betales i dag skulegang for 60 barn. 56 jenter og 4 gutar. I tillegg gir Alma-M hjelp til sjølvhjelp til nokon av foreldra.

Kontakt oss