Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Gratis HPV-vaksine til kvinner fødd 1991-1996

Oppretta: 11.07.2017 – Sist oppdatert 11.07.2017

Er du fødd mellom 1991 – 1996 og enno ikkje har vaksinert deg mot HPV?
Kanskje er du heime på sommarferie? Nytt sjansen no, og ta kontakt med Fitjar helsestasjon!

 

Alle kvinner fødd 1991 og seinare får frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom et to-årig vaksinasjonsprogram. Folkehelsa tilrår vaksina til unge kvinner for å førebyggje livmorhalskreft og forstadier til livmorhalskreft som følgje av HPV-infeksjon.

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder.  Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokre får ei vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Norge livmorhalskreft og 65­-100 døyr av sjukdomen. Vaksina kan gje vern sjølv om ein har debutert seksuelt.

HPV-vaksina har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7.klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner fødd 1991 og seinare også få tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er midlertidig og varar i ein toårsperiode. Vaksinasjonen består av tre vaksinedosar gitt i løpet av 6-12 måneder og må derfor startast opp innen utgangen av 2018..  

 

Dersom du ynskjer meir informasjon eller vil melde interesse for vaksina, ta kontakt med oss ved
Fitjar Helsestasjon, tlf: 48048730/53458607 eller epost: liol@fitjar.kommune.no

 

De kan og lese meir om HPV og HPV-vaksina på nettsida til Folkehelseinstituttet:  www.fhi.no/hpv-vaksine

Kontakt oss