Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Informasjon om smitteverntiltak og lokale konsekvensar

Oppretta: 01.04.2020 – Sist oppdatert 01.04.2020


Sist oppdatert 01.04.2020  Kl. 21.00

 

 

I dag, tysdag 1. april, har me fått melding om eitt nytt smittetilfelle i kommunen. Til no er det 5 personar som har fått påvist smitte etter testing.  Elles har Fylkesmannen gitt FMV medhald i klagen og kriseleiinga har avgjort at dei kommunale idrettsanlegga skal vera stengt for all aktivitet.

 

 

På plakaten som ligg bak «koronaknappen» på kommunen si heimeside får du kortfatta aktuell informasjon.  Plakaten vert oppdatert kvar dag saman med informasjonen som du kan lesa nedanfor.

 

All informasjon som ligg i teksten nedanfor er framleis aktuell.  Det siste nye og det som er oppdatert ligg lengst framme i teksten. I dag er det dei tre første punkta som er nye.

 

Meir informasjon om koronaviruset og smittevern finn du her: www.helsenorge.no

 

Smittestatus i Fitjar

Det er til no fem personar i Fitjar som har fått påvist koronasmitte etter testing. Gjennom smittesporing er det konstatert kvar smitten kjem frå.

 

Testing for koronasmitte vert i utgangspunktet kun utført på personar med tydelege symptom på korona, eller at dei arbeider i helsevesenet. Det går nokre dagar frå testen er teken til resultatet er klart.  Eksakt smittestatus er det difor vanskeleg å seia noko sikkert om.

 

 

Idrettsanlegga i Fitjar kommune er framleis stengde for all bruk

Fitjar kommune og Fitjar Idrettslag stengde for ei tid sidan kommunen sine idrettsanlegg for all bruk, både organiserte aktivitetar og anna.  Dette gjeld Fitjar Idrettspark (løpebanen og grasbanen), kunstgrasbanen, ballbingar, leikeapparat og liknande. 

Kriseleiinga har fått med seg at helsedirektøren  har komme med nokre presiseringar rundt bruk av idrettsanlegg. Det gjeld for både organiserte og andre aktivitetar.  Ein skal uansett følgja dei generelle smittevernkrava, m.a. for det som gjeld tal personar og avstand.  Kriseleiinga meiner retningslinjene er uklåre og krevjande å praktisera rett.  På bakgrunn av dette, og for å hinda spreiing av farleg smitte, vil kommunen sine anlegg framleis vera stengde for all bruk.

Kriseleiinga har forståing for at mange kriblar etter å ta i bruk idrettsanlegga igjen, men kriseleiinga vil også i denne saka prioritera omsyn til smittevern.

 

 

 

Fylkesmannen har gitt FMV medhald i klagen

Fylkesmannen i Vestland har behandla og gjort vedtak i klagen frå

Fitjar Mekaniske Verkstad AS. Følgjande vedtak er gjort:

 

Vedtak

Fylkesmannen opphever vedtaket 27.03.2020, ref. 2020/200, så langt det gjelder pålegg om engasjering av eksternt vaktselskap, og pålegg om engasjering av eksternt rengjøringsbyrå. Med unntak av disse endringene stadfestes vedtaket fullt ut.

 

Vedtaket er endeleg og kan ikkje påklagast.  Fylkesemannen sitt vedtak og pressemelding frå rådmann og ordførar i Fitjar kan du sjå under nyhende på kommunen si heimeside.

 

 

 

Stor heider til dei som arbeider på Fitjar bu- og behandlingssenter

Etter ein krevjande periode med karantene og ekstraordinært smittevern har ingen av dei som bur på sjukeheimen fått symptom på koronasmitte.  Karanteneperioden er no over. Dei som arbeider på sjukeheimen, med Iren Hamborg og  Kari Bjelland Vik i spissen, likeeins smittevernlege Waleed Brisam og helsesjef Anne Økland, har utført ei bragd som har fått dette til.

 

Det vart  20.03.20  oppdaga smitte av koronavirus hos ein tilsett på sjukeheimen. Alle dei 10 som bur på somatisk avdeling vart sett i karantene på romma, medan fleire av dei tilsette måtte i heimekarantene.  Dette førte til ein svært utfordrande situasjon, både for å få nok folk på jobb, og for å hindra smittespreiing. 

 

Fitjar kommune vil retta ei stor takk til dei tilsette som har vist effektiv og profesjonell handlekraft, kreativitet og engasjement  i  denne alvorlege situasjonen.

 

 

Biblioteket har no tilbod om smittesikkert boklån

Fitjar folkebibliotek låner ut bøker på bestilling. Henting etter avtale. Mulighet for heimkjøring for dei som ikkje kan hente sjølv. Bestilling av bøker på:

 

ü   Tlf. 53458513 (torsdag kl.12-15 og måndag kl.10-12).

ü   biblioteket@fitjar.kommune.no,

ü   Messenger 

 

Meir informasjon på  www.fitjarbibliotek.no/

 

 

 

Telefonven

Fitjar Frivilligsentral tilbyr telefonven.  Ring 971 43 785 om du ynskjer nokon å snakka med.  Telefonen er open mellom kl. 10.00 – 15.00.  Personar mellom 18 og 80 år som vil være telefonven kan melda seg som telefonven på www.fitjar.frivilligsentral.no  .  

 

 

 

Utanlandske arbeidarar på Fitjar

Dei siste åra har det vore mange utanlandske arbeidarar som har hatt opphald på Fitjar.  Nokre av dei har jobba her i bygda, medan andre har hatt arbeid i nabokommunen.

 

I desse dagar er her og mange utlendingar som arbeider på FMV.  Desse har komme før det vart innført restriksjonar på innreise til landet.  Nokre av dei bur på brakker ved FMV medan andre bur i private hus rundt i bygda.  Desse vil de nok treffa på i butikkar og andre stader.  Me vil oppmoda til å visa Fitjarbygda sin varme og raushet i møte med desse som er med og bidreg til viktig verdiskaping i bygda.

 

Det er berre dei 50 arbeidarane som er  i karantene på brakker i Årskog som har restriksjonar på ferdsel og sosialisering.

 

 

 

Ferdsel i fjell og utmark under koronapandemien

For å hindra smittespreiing vil me be om at du er forsiktig og held deg til tiltaka nedanfor når du ferdast i fjellet og naturen elles:

 

  • Hald avstand på to meter til dei du treff på og vil prata med

 

  • Ikkje bruk gapahukane og borda som er sett ut

 

  • Lat vera å skriva deg i turbøkene som er lagt ut

 

  • Tenk på smittespreiing når du opnar og lukkar grinder

 

  • Gjer elles det du kan for å hindra smittespreiing

 

Bruk råda frå Folkehelseinstituttet om sosial distansering for å hinda smittespreiing: https://www.fhi.no/nyheter/2020/fhi-presiserer-rad-om-sosial-distansering/

 

 

 

Auka kapasitet på smittevernkompetanse

Fitjar kommune har den siste tida fått ansvar for fleire tunge saker som krev mykje tid for smittevernlegen.  No har me fått auka kapasiteten på dette fagområdet med å leiga inn meir kompetanse på smittevern.  Kommunen fått ei god ordning gjennom ein avtale med den erfarne legen Odd Kvamme. Han vil gjera teneste hos oss ei tid framover.

 

 

Visittid på Havnahuset
Den siste tida har det vore ei vaktordning som har hatt kontroll med ferdselen inn og ut av Havnahuset i samband med besøk og liknande.  For å styrka smittevernet på huset har kriseleiinga avgjort at denne ordninga skal opphøyra.

 

Dørene på Havnahuset er no stengde.  Dei som arbeider der, og dei som bur der har nøklar og kan komma seg ut og inn ved behov. 

 

Det er framleis visittid frå kl 17.00 – 18.00.  For å avgrensa smitterisikoen vert det kun opna for ein pårørande for kvart besøk.

 

Ynskje om besøk kan meldast på vakttelefon 957 78 979.

 

 

 

Fitjar kommune takkar

Me vil retta ei stor takk til Engevik & Tislevoll, Kværner Stord og Fitjar vidaregåande skule for at dei har gitt kommunen smittevernutstyr.  Dette utstyret kjem svært godt med i ei tid der det kan vera vanskeleg å få tak i slikt.

 

 

Fitjar Mekaniske Verkstad

Kommunen har gjort vedtak etter § 4-1 i smittevernlova.  Vedtaket gjeld krav til karantene- og smittevern i samband med at utanlandske arbeidarar kjem til Fitjar.  Avgjerder og pressemeldingar i tilknytning til saka er lagt ut som eigne artiklar på kommunen si heimeside.

 

 

Endring i drifta ved helsestasjonen i Fitjar

For å redusera faren for smittespreiing er det innført endringar i drifta ved helsestasjonen frå 25. mars.  Du kan lesa meir om endringane i eigen artikkel på kommunen si heimeside.

 

 

 

Treng du nokon å snakka med

 

Ta kontakt med nokon du har tillit til, eller søk hjelp her:

 

 

 

Forbod mot overnatting i hytter utanfor bustadkommunen

 

Kommunane har ingen rolle i forvaltninga av hytteforskrifta, og kan heller ikkje gje dispensasjon frå forskrifta.  Fitjar kommune kjem difor ikkje til å svara på spørsmål eller behandla søknader som gjeld denne forskrifta.

Heile forskrifta kan du lesa på lovdata: 

 https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2020-03-15-294?q=forbud%20hytte

Det som gjeld hytter i forskrifta er dette:

På fritidseigedom i ein annan kommune enn der ein er folkeregistrert  er det forbod mot å  overnatta.  Forbodet gjeld både hytteeigar og andre.   Opphald på dagtid er tillate.  Desse to unntaka gjeld:  

  1. 1.    Strengt nødvendig vedlikehald eller tilsyn som er nødvendig for å avverga store materielle skadar er tillate.
  2. 2.    Personar som er i karantene etter § 2 i forskrifta, fordi dei deler husstand med ein som er bekrefta smitta av SARS CoV-2-virus, kan likevel overnatta i fritidseigedom i annan kommune i perioden den smitta er i isolasjon etter § 4 i forskrifta.

For dei unntaka som er nemnt i forskrifta treng ein ikkje å søkja om lov.  Det vert ikkje opna for å søkja om dispensasjon for andre forhold. Riksadvokaten har i eit rundskriv til politidistrikta i landet fastsett at brot på forskrifta normalt skal straffast med kr. 15.000 i bot eller subsidiært fengsel i 10 dagar.

 

 

Koronasentral i Sagvåg

Det er oppretta eigen koronasentral for Stord og Fitjar i Blåbygget i Sagvåg.

 

Sentralen er mottak for koronarelaterte spørsmål som elles hadde gått til fastlege eller legevakt.  Personar med symptom og sjukdom knytt til luftvegssymptom som gjer at dei elles ville tatt kontakt med fastlege eller legevakt skal heretter ta kontakt her. Telefonen er bemanna frå kl 08-22, og vert handtert av helsepersonell.  Koronasentralen skal overta all aktivitet som er knytt til det pågåande utbrotet, og vil ta seg av vegleiing på telefon, testing og konsultasjonar. 

Det er viktig at folk tek omsyn til bruk av koronamottaket, slik at dei kan få hjelpa flest mogleg som treng det.  

Ikkje møt opp utan å ha ringa for avtale først!  Kontakttelefonar:

  • Kommunal koronatelefon: 53 49 66 66 (08-22)
  • Sunnhordland Interkommunale legevakt: 116 117
  • Ved akutte hendingar: 113

 

Kven må halda seg heime?

Folkehelseinstituttet opererer med tre kategoriar for kven som skal halda seg heime:

  1. Generelt 

Dersom du har symptom på forkjøling skal du halde deg heime til ein dag etter at du har vorte frisk.  Dei du bur saman med kan framleis gå ut, men følgja med på eigne symptom.  Dette gjeld og for helsepersonell.

 

  1. Heimekarantene.  Sjå meir på: https://helsenorge.no/koronavirus/karantene-og-isolasjon

 

  1. Heimeisolasjon. Sjå meir på:  https://helsenorge.no/koronavirus/karantene-og-isolasjon

 

Reservepersonell til helsevesenet

Landet er i krise p.g.a. av Koronavirussmitte. Me gjer alt me kan for å førebyggja at innbyggjarar og tilsette vert sjuke. Men me veit at pandemien vil utfordra helsevesenet vårt også her i Fitjar. Som ein del av beredskapen planlegg me no i tråd med nasjonale tilrådingar for eit høgt antal sjuke med behov for hjelp, og at også eige helsepersonell kan verta sjuke. Difor må me byggja opp ein reservekapasitet.

 

Fitjar kommune går i dag ut med denne førespurnaden:

 

Er du utdanna helsepersonell, eller med praksis frå helsevesenet, og ikkje arbeider i helsevesenet i dag ? Bur du i Fitjar og ønskjer å tilby di hjelp i  helse- og omsorgsteneste og berørte administrative tenester i Fitjar  i denne situasjonen ? Dersom du er villig til det ber me deg fylla ut vedlagte skjema, og senda det til Fitjar kommune metrengdeg@fitjar.kommune.no . Du vil då verta sett opp på liste over reservepersonell.

Me er svært takksame for alle som kan stilla opp !

 

Her kan du melda deg til teneste: Klikk her

 

Legesenteret 

Venterommet på legesenteret er stengt. Kontoret vert opna for dei som har fått avtale om time.  

 

Det er no råd å få konsultasjon med fastlege gjennom videooverføring på mobiltelefon eller PC.  Dei som får avtale om dette vil få instruksjon frå legekontoret  om korleis ein går fram.  Ta kontakt på telefon som vanleg for å gjera avtale.

 

For tida vert det ikkje rekna gebyr på faktura frå legekontoret.

 

Risikogrupper

Eldre over 65  år og pasientar med risikofaktorar som hjarte/karsjukdomar, diabetes, lungesjuke, kreft og høgt blodtrykk bør halda seg mest mogeleg innandørs  i heimen.

 

Helsestasjonen

Helsestasjonen er stengt for publikum, utanom for dei som har avtale. Opningstida på telefon er kl. 8.30 - 15.00.  Helsestasjonen kan ein nå på tlf.nr. 480 48 730. 


Fitjar rådhus

Fitjar rådhus er stengt for publikum grunna smittevern. Opningstidene for telefonen i kundetorget vert utvida frå kl. 08.30 til kl. 15.30.

Kommunen si kriseleiing har tilhald på rådhuset, men held no dei daglege møtene via digitale løysingar.  Kriseleiinga vil oppmoda til at digitale hjelpemidlar vert brukt der det kan avgrensa smittespreiing.

Ein del av dei tilsette har gått over til heimekontor.  Desse vil vera tilgjengeleg på e-post og telefon som vanleg. 

 

Aarrangement og samlingar, ute og inne

Helsedirektoratet har i medhald av § 4-1 innført forbod mot og stenging av arrangement. Forbodet gjeld for heile Noreg. Sjå meir info på www.helsenorge.no.


Fitjar kommune ber om at alle arrangement, både offentlege og private, vert avlyst eller utsett uavhengig av tal på deltakarar.

 


Betaling i barnehage og SFO 

Foreldre, som for ei tid mistar tilbod om barnehage og SFO, skal sleppa å betala for denne tida.  For å spara mykje administrativt arbeid ber kommunen om at faktura som alt er sendt ut vert betalt.  Korreksjon vert gjort på neste fakturering. 

 


NAV-kontoret
NAV-kontoret på Fitjar er stengt for besøk med personleg frammøte. Kontoret er likevel bemanna og kan kontaktast på telefon og e-post.

Sjå melding frå NAV under nyhende på kommunen si heimeside for å finna direktenummer til dei tilsette på NAV. 


Fitjar bu- og behandlingssenter er stengt for besøkjande, inkludert pårørande
Grunna fare for spreiing av Koronavirus, ser me det no som naudsynt å stengja sjukeheimen for besøkjande.

Nære pårørande kan gjera avtale med sjukeheimen ved kritisk sjukdom.




Tilbod om barnehage, og skule/SFO for barn under 12 år av tilsette i kritiske samfunnsfunksjonar
Kommunen har etablert tilbod om barnehage, og  skule/SFO til barn under 12 år av tilsette i samfunnskritiske funksjonar. Tilbodet gjeld berre for barn der begge foreldra er i målgruppa.  

Dei funksjonane som kan kvalifisera for dette er:

  • Styring og kriseleiing
  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningsteneste
  • IKT-tryggleik i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Forsyningstryggleik
  • Vatn og avlaup
  • Finansielle tenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstenester
  • Transport
  • Satelittbaserte tenester
  • Apotek

Dei som meiner dei er kvalifiserte, og har behov for dette tilbodet, kan ta kontakt med den barnehagen/skulen som barnet soknar til.


Fjernundervisning i barne- og ungdomsskule
Kommunen har starta opp med fjernundervisning for dei barna i grunnskulen som vert heime. 

Nærare informasjon om tilbodet vert sendt til barn og foreldre frå kvar enkelt skule.


Andre tiltak

  • Kommunen deltek ikkje på eksterne møte
  • Alle planlagde politiske møte er utsett inntil vidare

Kommunen sender spesiell informasjon til utvalde grupper ved behov


Fitjar kommune kan få behov for frivillige til ulike oppdrag i tida som kjem. Dei som har lyst til å vera med kan melda frå til Fitjar Frivilligsentral.
 


Meir informasjon om koronavirus og smittevern er å finna på
:

Kontakt oss