Hopp til innhold Hopp til søk

Slåsting blant ungdommar

Oppretta: 16.11.2018 – Sist oppdatert 16.11.2018

Viser til stort medieoppslag i lokalpressa i dag.  Fitjar kommune vel å gå ut til alle i bygda med et brev som har blitt sendt ut til ungdomsskular og vidaregåande skular frå politiet angåande avtalt slåsting blant ungdommar i distriktet. Truleg kan også eit fåtal ungdomar frå Fitjar vera involvert i dette nye fenomenet.  Ved Rimbareid skule vert saka teken opp med ungdomane i dag for å kartleggja, avdekka og førebyggja slike hendingar. Det er ei viktig oppfordring til foreldra om at dei snakkar med ungdomane sine  om denne utviklinga.  Ungdomane må bevisstgjerast deira ansvar i høve til å melda ifrå dersom det vert avtala planlagde slåstkampar.

Brevet frå Politiet kan du lese her.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Kommunal vigsel

Oppretta: 23.01.2018 – Sist oppdatert 14.05.2018

I slutten av juni 2017 endra Stortinget ekteskapslova, og vigselsmynde vart overført frå domstolane til kommunen.

Vilkår og rettleiing

Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Det vil seie at de må sende inn ein del papir:

  • Eigenerklæring
  • Forlovarerklæring
  • Erklæring om skifte dersom du har vore gift før
  • Melding om endring av namn dersom du skal bytte namn

Alle desse skjema får du hos Skatteetaten. Behandlingstida er to–tre veker, så ver ute i god tid før bryllaupet.

 

Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Etter at de har fått prøvingsattesten heim i posten, kan de ta kontakt med oss for å bestille vigsel. Attesten må ikkje vere eldre enn fire månader ved vigsel. 

Frå juni 2018 kan de søkja om dette digitalt.  Dette vil sei at de logger dere inn på skatteetaten.no og legg inn opplysnigane der.  Nå saka er ferdig handsama, får de melding om å logge de inn i Altinn for å laste ned prøvingsattesten som stadfestar at dere kan gifta dere.  Prøvingsattesten kan dere velge om dere vil sende vidare i ein e-post til vigslar, eller printe ut og ta med ein kopi av.

  • De må ha to vitne, og dei må vere til stades under seremonien. Vitna er gjerne forlovarane.
  • Brurepar og vitne/forlovarar må ha gyldig legitimasjon til vigselen. Vi godtar gyldig pass, norske førarkort og bankkort med bilete og personnummer. 

Vigsel i og utanfor normaltilfella

I tråd med kommunestyret sitt vedtak 46/17 av 22.11.2017, vert vigsel tilbydd til kommunen sine innbyggjarar, i kommunestyresalen, mellom kl. 08.00 og 15.00. Ordførar Wenche Tislevoll, varaordførar Agnar Aarskog, og rådmann Atle Tornes har mynde til å gjennomføre vigselen. I desse tilfelle er vigsla kostnadsfri, og den kommunale sakshandsaminga tek ein til tre veker.

Dette gjeld både for innbyggjarar som for tida er busett i utlandet, og personar som berre mellombels oppheld seg i Norge. Det er tilstrekkeleg at ein av brudefolka er busett i kommunen.

Vidare er det mogleg å søkje til kommunestyret om å få gjennomføre vigsla utanfor normaltilfella. Desse søknadane må handsamast i kommunestyret, noko som i dei alle fleste tilfelle vil medføre lang sakshandsamingstid. Sjå møteplan for kommunestyre.

Ein kan då søkje om at vigsla vert gjennomført:

  • sjølv om ein ikkje er innbyggjar i kommunen
  • ein annan stad enn kommunestyresalen (kor som helst innanfor kommunegrensa, forutset godkjenning frå grunneigar)
  • utanfor kontortid
  • av andre folkevalde eller tilsette i kommunen

Merk at vigsel utanfor normaltilfella kan medføre krav om dekning av faktiske meirutgifter, jf. Forskrift om kommunale vigsler § 2. Dette vert avklart på førehand i kvart enkelt tilfelle.

Skjema for søknad om kommunal vigsle finn du her. Dersom dykk fell utanfor normaltilfella lyt også skjema for vigsel utanfor normaltilfella fyllast ut.

Slik er seremonien

Møt opp i god tid før avtalt tid for vigsel. Det vert  sett av om lag 15 minutt til kvart par. 

Vigslaren les "Det borgarlege vigslingsformularet". Deretter spør vigslaren dykk om de vil ha kvarandre til ektefeller. Til slutt underteiknar de, vitna og vigslaren vigselsprotokollen.

Seremonien kan tilpassast med til dømes tekst og musikk ut over dette. Merk at det er opp til kommunen å vurdere kva dei vil tillate av ekstra innhald.

Kommunen sender deretter ei vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet. Samstundes får de ein kopi. Vigselsmeldinga fungerer som midlertidig vigselsattest inntil de får den endelege i posten frå Folkeregisteret. 

 

Vil du gifte deg i utlandet?
Om de ønsker å gifta dykk i utlandet etter norsk rett, må de velge mellom ein norsk ambassade eller sjømannskyrkje. Framgangsmåten er den samme som når de gifter dykke i Norge. Oppfyller de krava for å inngå ekteskap, mottar de også her ein prøvingsattest som de må ta med dykk, sammen med passet, til ambassaden eller sjømannskykja de skal gifte dykk i. I desse tilfella vert det sendt ein stempla prøvingsattest heim til dykk i brevpost.

Hvis de gifter dykk etter utenlandsk rett, må de undersøke nærare kva hva som krevst  der de gifter dykk, og de må ha med dykk ein ekteskapsattest fra Norge. Dette finner de meir informasjon om på Skatteetatens nettsider.

Kontakt oss