Hopp til innhold Hopp til søk

Slåsting blant ungdommar

Oppretta: 16.11.2018 – Sist oppdatert 16.11.2018

Viser til stort medieoppslag i lokalpressa i dag.  Fitjar kommune vel å gå ut til alle i bygda med et brev som har blitt sendt ut til ungdomsskular og vidaregåande skular frå politiet angåande avtalt slåsting blant ungdommar i distriktet. Truleg kan også eit fåtal ungdomar frå Fitjar vera involvert i dette nye fenomenet.  Ved Rimbareid skule vert saka teken opp med ungdomane i dag for å kartleggja, avdekka og førebyggja slike hendingar. Det er ei viktig oppfordring til foreldra om at dei snakkar med ungdomane sine  om denne utviklinga.  Ungdomane må bevisstgjerast deira ansvar i høve til å melda ifrå dersom det vert avtala planlagde slåstkampar.

Brevet frå Politiet kan du lese her.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Litla Kråko - kunngjering av planvedtak

Oppretta: 27.12.2011 – Sist oppdatert 25.03.2014

Fitjar kommunestyre godkjente reguleringsplan for Litla Kråko i møte 23.11.2011 i sak PS 65/11.  Vedtaket er gjort i medhald av plan og bygningslova § 12- 12.

Området er regulert til fritidsbustader.
Planen er tilgjengelig i Kundetorget på rådhuset. 
Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast, jfr. PbL . § 1-9 og Fvl. § 28.  Eventuell klage skal vera grunngjeven og sendast skriftleg til Fitjar kommune, Pb. 83, 5419 Fitjar, innan 16. januar 2012.  Ev. krav om erstatning eller innløysing etter Pbl. §§ 15 og 16 må vera framsett innan 3 år.

Plankart

Reguleringsføresegner 

 

 

Kontakt oss