Hopp til innhold Hopp til søk

Slåsting blant ungdommar

Oppretta: 16.11.2018 – Sist oppdatert 16.11.2018

Viser til stort medieoppslag i lokalpressa i dag.  Fitjar kommune vel å gå ut til alle i bygda med et brev som har blitt sendt ut til ungdomsskular og vidaregåande skular frå politiet angåande avtalt slåsting blant ungdommar i distriktet. Truleg kan også eit fåtal ungdomar frå Fitjar vera involvert i dette nye fenomenet.  Ved Rimbareid skule vert saka teken opp med ungdomane i dag for å kartleggja, avdekka og førebyggja slike hendingar. Det er ei viktig oppfordring til foreldra om at dei snakkar med ungdomane sine  om denne utviklinga.  Ungdomane må bevisstgjerast deira ansvar i høve til å melda ifrå dersom det vert avtala planlagde slåstkampar.

Brevet frå Politiet kan du lese her.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Minibibliotek på Larsenkaien

Oppretta: 20.06.2014 – Sist oppdatert 20.06.2014

Fitjar folkebibliotek har sett opp minibibliotek på Larsenkaien som eit plaster på såret for at biblioteket held sommarstengt.

 

Little Free Library

Free Litle Library er ei slags rørsle eller organisasjon som oppmodar folk til å byggja og registrera små, gratis minibibliotek. – Prinsippet er at når du tek ei bok, så legg du ei igjen. Slik sirkulerer bøkene. Konseptet finst fleire stader i verda, og det er mange minibibliotek i USA. Men i Europa er det berre nokre få. Bokskapet er no hengt opp på Larsen-bygget, på veggen mot sjøen. Utgangspunktet er bøker frå Fitjar folkebibliotek, men etter kvart som folk forsyn seg med bøker og legg nye att, vil innhaldet fornyast gjennom heile sommaren. Bokskåpet skal vere til glede for fastbuande og sommarturistar.

Kontakt oss