Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Foto Kjetil Rydland

Næringsprisen 2018 gjekk til Randi og Kristoffer Dalen

Oppretta: 05.12.2018 – Sist oppdatert 05.12.2018

Formannskapet vedtok einstemmig å gje nærinmgsprisen til Randi og Kristoffer Dalen. Ordførar og kultursjef vitja  dei under kveldsstellet i floren  med blomar og grunngjeving for at prisen vart tildelt ekteparet.  

Grunngjeving:

Gjennom ei årrekkje har dei bidrege med store og uredde satsingar med utgongspunkt frå garden i Dalen på Fitjar.

Særskild kan nemnast:

Engasjement i Kråko og utbygging av fritidsbustader i Kråko hytteområde

Bygging og etablering av Fitjar sjø og camping .

Legg til rette for tradisjonell campingturisme og meir fast etablert camping Her driftar ein og selskapslokale med matservering og catering  frå eige kjøkken.

Og til sist  og ikkje minst den siste storsatsinga innan tradisjonelt landbruk . Dei nemnde punkta er med å fremja turisme, handel, og matvaresikkerheit på ein positiv måte og er utan tvil med å setja FITJAR på kartet.

 

Ekteparet Randi og Kristoffer Dalen er verdige vinnarar av næringsprisen 2018

Kontakt oss