Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Ny rektor ved Rimbareid skule

Oppretta: 24.04.2018 – Sist oppdatert 03.05.2018

Trude Mathiesen er tilsett som ny rektor ved Rimbareid skule. Trude kjem  frå Bergen men har i mange år budd på Stord. Ho har ein lang og variert yrkesbakgrunn

Trude Mathiesen er tilsett som ny rektor ved Rimbareid skule. I tillegg til lærarutdanninga har ho  leiing i skulen og rektorutdanning som grunnlag for å gå inn i denne viktige leiarrolla. Trude har tidlegare jobba som lærar ved Ortun skule i Bergen  og ved Stord ungdomsskule. Ein periode var ho også  innom Wärtsilä konsernet. Dei siste 8 åra har ho vore assisterande rektor ved Leirvik skule. Trude ser fram til å møta dei tilsette og bli  kjent med skulen. Ho tek til i stillinga frå 01.08.2018.

Me ynskjer ho lukke til!!

 

Kontakt oss