Hopp til innhold Hopp til søk

Slåsting blant ungdommar

Oppretta: 16.11.2018 – Sist oppdatert 16.11.2018

Viser til stort medieoppslag i lokalpressa i dag.  Fitjar kommune vel å gå ut til alle i bygda med et brev som har blitt sendt ut til ungdomsskular og vidaregåande skular frå politiet angåande avtalt slåsting blant ungdommar i distriktet. Truleg kan også eit fåtal ungdomar frå Fitjar vera involvert i dette nye fenomenet.  Ved Rimbareid skule vert saka teken opp med ungdomane i dag for å kartleggja, avdekka og førebyggja slike hendingar. Det er ei viktig oppfordring til foreldra om at dei snakkar med ungdomane sine  om denne utviklinga.  Ungdomane må bevisstgjerast deira ansvar i høve til å melda ifrå dersom det vert avtala planlagde slåstkampar.

Brevet frå Politiet kan du lese her.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Nye byggjereglar frå 1. juli

Oppretta: 29.06.2015 – Sist oppdatert 29.06.2015

Frå 1. juli vert byggjereglane forenkla. Kan du byggje utan å søkje?
 

Rettleiing om dei nye byggjereglane finn du på direktoratet for byggkvalitet sine heimesider: www.dibk.no.

 

Her finn du gode faktaark og enkle rettleiarar for å kunne avklare om tiltaket er unnateke søknadsplikt. Det er viktig å merke seg at det uansett er ditt eige ansvar at tiltaket er i tråd med gjeldande lover og reglar!

 

Føresetnaden for at eit tiltak ikkje er søknadspliktig, er at det er i tråd med gjeldande arealplan/planstatus samt anna lovverk, som t.d. veglova, kulturminnelova, jordlova etc.

 

Det er også ulovleg å byggje over leidningar i grunnen.

Kontakt oss