Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Nye funksjonar på Fitjar kommune si heimeside

Oppretta: 20.02.2017 – Sist oppdatert 20.02.2017

På Fitjar kommune si heimeside er det kome 2 nye funksjonar. "Kom med di sak" og " Fix gata mi" som du finn nede til venstre på sida.

Kom med di sak:

Her inne kan du føreslå saker du meiner vil gjere din kommune eller fylkeskommune betre.

På menyen til venstre kan du enten foreslå ei sak sjølv eller du kan skrive under på ei sak som er foreslått i kommunen og som du vil støtte. For å samle underskrifter kan du også dele saka med venner og kjente på e-post, Twitter, Facebook eller Google+. Viss du samlar nok underskrifter, må kommunen eller fylkeskommunen du bur i vurdere saka di.

Du treng underskrifter frå to prosent av innbyggjarane, alternativt 300 personar i kommunen eller 500 personar i fylket.

Alle kan føreslå saker i sin eigen kommune eller fylkeskommune. Du må ikkje ha stemmerett eller ha fylt 18 år.

 

Fix gata mi:

Her kan du rapportere, finne eller diskutere lokale problem som tagging, søppel, hol i veien, eller øydelagde gatelys.

 

Kontakt oss