Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Nytt eldreråd i Fitjar

Oppretta: 03.02.2020 – Sist oppdatert 03.02.2020

Det nye eldrerådet i Fitjar har no konstituert seg og er klart til å gå laus på oppdraget sitt. 

Etter kommunelova skal det oppnemnast eldreråd i alle kommunane i landet.

Kommunestyret i Fitjar oppnemnde i haust medlemer til eldrerådet for dei neste fire åra. 

Eldrerådet skal vera eit rådgjevande organ for kommunestyret i saker som gjeld eldre. Dei kan og ta opp saker på eige initiativ, men dei skal ikkje behandla saker som gjeld avgjerder for einskildpersonar. 

På det første møte vart Dagfinn Lyngvær vald til leiar medan Gunnbjørg  Kristin Vik vart nestleiar. Ole Haukeland er og med i rådet. Grete Marit Veka Maraas er politisk representant, medan Hilde Karin Tufteland representerer helse- og omsorgsetaten i kommunen.  Marianne Ytrearne er sekretær for rådet.

Rådet ynskjer at dei som har gode idear til saker som rådet kan arbeida med tek kontakt med leiar Dagfinn Lyngvær, gjerne på telefon  45 41 12 90

 

Kontakt oss