Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Nytt frå NAV

Oppretta: 06.04.2017 – Sist oppdatert 06.04.2017

Frå 3. april 2017 skal NAV ha hovudvekt på oppfølging og arbeidsretta aktivitet. Dersom du ynskjer å snakke med din kontaktperson må du ha timeavtale.

Det betyr at du frå 3. april vil få svar på alt du lurer på ved å ringe 55 55 33 33, eller ved å skrive til NAV på www.nav.no/skrivtiloss  Her kan du òg bestille timeavtale med din rettleiar. NAV har også chat på facebook for foreldrepengar.

www.nav.no er open heile døgnet, og der får du svar frå dei som handsamer saken din. Dette sikrar at du får rett informasjon, og det vil korte ned ventetid.

 

Endringar ved alle NAV-kontor frå 3.april 2017:

  1. NAV-kontoret skal som hovudregel ikkje ha ansvar for å informere om statlege ytelsar.
  2. NAV-kontoret skal kun ha ansvar for regelverket som er viktig for oppfølging mot arbeid.
  3. NAV-kontoret skal ikkje motta søknadar om ytelsar, desse skal sendast direkte til adressa på framsida.
  4. NAV-kontoret skal ikjke kvalitetsikre søknadar om statlege ytelsar. Du får beskjed dersom noko er feil, eller det er behov for meir informasjon.
  5. Du kan få informasjonen du treng på nav.no og/eller tlf. 55553333 ved søknadar om statlege ytelsar.
  6. NAV-kontoret sine ressursar skal rettast mot oppfølging og arbeid.

Kontakt oss