Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Opningstider i Roald Tellnes-utstilling og ope kulturkontor i Galleri Losjen

Oppretta: 30.11.2018 – Sist oppdatert 05.12.2018

Her finn du opningstidene til utstillinga med Roald J. Tellnes sine kunstverk. Det vert omvisning i utstillinga med informansjon om kunstnar og kunst. Ta ein liten timeout frå julestria og sjå dei flotte bileta. Me byr på gløgg og jukekaker og koseleg stemning. Dette er ein salsutstilling så kanskje er det her du finn julegåver.
Galleri Losjen vil og fungere som ope kulturkontor kombinert med utstilinga på utvalde tidspunkt som følger nedanfor. Stikk gjerne innom for ein prat med kultursjefen om du har noko kulturelt på hjarta, treng rettleiing for å søke på tilskot av ymse art eller anna. Kulturkontoret ynskjer alle innbyggarar i Fitjar ei god førjulstid!

 



 

 

Opningstider:

Torsdag 6.12  kl. 15-17.00 kulturkontor i galleriet

Fredag 7. 12. kl. 17-19

Laurdag 8.12 kl. 15–17

Søndag 9.12 kl. 16- 18

måndag 10.12 kl. 12.30 - 14.30 kulturkontor i galleriet

torsdag 13.12 kl. 13-15 kulturkontor i galleriet.

Fredag 14.12   kl. 17-19

Laurdag  15.12 kl. 15-17

Søndag 16. 12 kl. 16-18

 

Roald J. Tellnes har etter endt utdanning vært busett i Karmøy kommune.

Han arbeider hovedsakelig med grafikk og skulptur, men bruker også andre kunstneriske teknikker. Han lærte broncestøypong  i København hjå Leif Jensen og grafiske teknikkar av Inge Rotevatn, Michael Rothenstein og Anthony Benjamin. 

Uttrykksforma hans er høgst personlig. Han brukar i grafikken ein sjeldan og spesiell teknikk, materialtrykk der metallbitar, netting, plast og andre gjenstandar vert brukt  som botnmateriale. Kvar enkelt bete vert farga inn separat og trykkes under stort press. Dermed vert det en ny dimensjon til fargegrafikken.

 

Velkommen til ei flott kunstoppleving!

 

Kontakt oss