Hopp til innhold Hopp til søk

Slåsting blant ungdommar

Oppretta: 16.11.2018 – Sist oppdatert 16.11.2018

Viser til stort medieoppslag i lokalpressa i dag.  Fitjar kommune vel å gå ut til alle i bygda med et brev som har blitt sendt ut til ungdomsskular og vidaregåande skular frå politiet angåande avtalt slåsting blant ungdommar i distriktet. Truleg kan også eit fåtal ungdomar frå Fitjar vera involvert i dette nye fenomenet.  Ved Rimbareid skule vert saka teken opp med ungdomane i dag for å kartleggja, avdekka og førebyggja slike hendingar. Det er ei viktig oppfordring til foreldra om at dei snakkar med ungdomane sine  om denne utviklinga.  Ungdomane må bevisstgjerast deira ansvar i høve til å melda ifrå dersom det vert avtala planlagde slåstkampar.

Brevet frå Politiet kan du lese her.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Ordføraravtale for alarmtelefon for barn og unge

Oppretta: 08.01.2013 – Sist oppdatert 25.03.2014

Ordføraren i Fitjar kommune har signert Ordføraravtalen for alarmtelefonen for barn og unge (tlf: 116 111).

Ordføraravtalen er ein avtale mellom Alarmtelefonen for barn og unge og landets ordførarar. Ordførarane påtar seg å vere ambassadørar og omtale Alarmtelefonen for barn og unge der det er naturleg. Det er særs viktig at tenesta vert kjent over alt i heile landet.

Alarmtelefonen for barn og unge - 116 111 - er ein gratis nødtelefon for born og unge som lever med vald, overgrep og omsorgssvikt. Vaksne som er bekymra for born og unge som lever under slike vilkår kan også ringe.

For meir informasjon om Alarmtelefonen for barn og unge, sjå nettsida deira: www.116111.no

Kontakt oss