Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Pressemelding Næringsliv og Corona - Fitjar kommune

Oppretta: 08.05.2020 – Sist oppdatert 08.05.2020

Dei siste vekene har på uvanleg kort tid endra kvardagen til særs mange verksemder, både små og store. Og alle bransjar vert berørt på ulike vis, så også i Fitjar.

Fitjar kommune har, saman med Fitjar Næringsråd og Atheno, gått saman om felles tiltak for å gi verksemder rådgjeving og navigasjonshjelp knytt til situasjonen rundt corona.

 

Hovudhensikten med dette tilbodet er å hjelpa verksemder med å finna fram til dei tiltak som er aktuelle for dei, og vi legg særleg vekt på korleis bedrifter kan få hjelp til å få tilgang til dei nasjonale økonomiske krisepakkene for næringslivet.

For mange verksemder og leiarar er det no ein ekstremsituasjon der ein står overfor kombinasjonar av: tap av oppdrag, avbestillingar, permittering og regelverk, likviditetsutfordring og ikkje uvanleg i desse tider – i kombinasjonen med heimekontor, heimeskule og rastlause born. Og sjølv om me no står på trappene til gradvis gjenopning, er det klart at situasjonen framleis er krevjande og uoversikteleg for mange.

Og i denne situasjonen er det viktig for Fitjar kommune å bidra, i tett samarbeid med gode samarbeidspartar.

 

For det fyrste vil me oppmuntra til å ta kontakt dersom ein treng hjelp. Det er viktig å ha nokon å drøfte situasjonen og eventuelle tiltak med.

Fitjar kommune tilbyr næringsdrivande i Fitjar, både store og små, inntil 3 timar gratis rådgjeving hos Atheno. I tillegg vert det kontinuerleg tilbydd webinar/digitale foredrag innanfor aktuell tematikk.  Ta kontakt med Atheno for meir informasjon om dette.   

 

Framover vil det verta gitt informasjon om ulike tiltak på Facebook sidene til både Fitjar kommune, Fitjar Næringsråd og Atheno. Følg gjerne med der.

For kommentarar eller spørsmål kan de ta kontakt med ordførar Harald Rydland, leiar i næringsrådet Hrafn Thorsteinson eller Astrid Kjellevold i Atheno AS.

Atheno vil rådgje, og det er berre til å ta direkte kontakt. Sjå www.atheno.no

Kontakt oss