Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Søknad om barnehageplass, barnehageåret 2020/2021

Oppretta: 05.02.2020 – Sist oppdatert 07.02.2020

Fitjar kommune gjennomfører samordna opptak for alle barnehager i Fitjar kommune.  Regjeringa ynskjer å gje fleire barn rett på barnehageplass.  Departementet har utvida retten til barnehageplass.  Det betyr at barn fødd i september, oktober og november vil ha rett til barnehageplass den månaden dei fyller eitt år.

  • Barn som fyller eitt år innan utgangen av august det året det vert søkt om barnehageplass, har etter søknad innan fristen for hovudopptaket rett til å få plass i barnehage innan august.
  • Barnet har rett til plass i barnehage i den kommunen det er busett.
  • Retten gjeld i kommunen, ikkje i ein bestemt barnehage.
  • For barn med rett til prioritet er det inga nedre aldersgrense.

Kommunen kan oppfylla retten til barnehageplass på tre måtar:

  1. Barnet får første ynskje oppfylt
  2. Barnet får andre ynskje oppfylt
  3. Barnet får eit tilbod i annan barnehage

Generell søknadsfrist er 1. mars 2020.  Søknadsskjema finn du her.

Kontakt oss