Hopp til innhold Hopp til søk

Resultat frå folkehelseundersøkinga i Hordaland

Oppretta: 15.11.2018 – Sist oppdatert 15.11.2018

Resultata frå folkeundersøkinga er no klare og saka finn du på denne lenken.  Heile rapporten finn du her

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Stor rift om å bli medlem i Fitjar ungdomsråd

Oppretta: 07.10.2016 – Sist oppdatert 11.10.2016

Torsdag  6. oktober vart ungdomskuleelevane  på Rimbareid og elevane på Fitjar Vgs samla  for å få orientering om ungdomsrådet. Oppmøte var svært godt på Rimbareid skule, på Fitjar Vgs var det noko færre elevar til stades.

 

Dei 2 sitjande ungdomsrådsmedlemene Nora Marie Hellesund og Frida Tråd, ungdomsrådssekretær Bente Bjelland, kulturmedarbeidar Linn Camilla Fitjar Neergård var med på rekrutteringa.  Ungdomsrådsleiar i Stord kommune Anna Sofie Ekeland Valvatne  var henta inn som inspirator. Ho fortalde  om Stord ungdomsråd  sitt arbeid  gjennom dei  4 åra ho har vore med.

 

For å bli medlem måtte ein sende søknad. Det viste seg å være stor interesse for å bli medlem i Fitjar ungdomsråd.  Det kom inn i alt 27 søknader. Desse skal no handsamast og det vert kalla inn til intervju i veke  42.

 

Kontakt oss