Hopp til innhold Hopp til søk

Slåsting blant ungdommar

Oppretta: 16.11.2018 – Sist oppdatert 16.11.2018

Viser til stort medieoppslag i lokalpressa i dag.  Fitjar kommune vel å gå ut til alle i bygda med et brev som har blitt sendt ut til ungdomsskular og vidaregåande skular frå politiet angåande avtalt slåsting blant ungdommar i distriktet. Truleg kan også eit fåtal ungdomar frå Fitjar vera involvert i dette nye fenomenet.  Ved Rimbareid skule vert saka teken opp med ungdomane i dag for å kartleggja, avdekka og førebyggja slike hendingar. Det er ei viktig oppfordring til foreldra om at dei snakkar med ungdomane sine  om denne utviklinga.  Ungdomane må bevisstgjerast deira ansvar i høve til å melda ifrå dersom det vert avtala planlagde slåstkampar.

Brevet frå Politiet kan du lese her.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Stortingsvalet 2017 - Førehandsrøysting

Oppretta: 29.08.2017 – Sist oppdatert 31.08.2017

Dersom du ikkje har høve til å røysta på valdagen 11. september, kan du førehandsrøysta t.o.m. fredag 08. september i kundetorget på Rådhuset slik:
Måndag – fredag kl. 09-15
Onsdag 30. aug .og torsdag 31. aug. fram til kl. 19.00
Laurdag 2. sept kl. 10.00 – 14.00
Onsdag 6. sept. og torsdag 7. sept. fram til kl. 19.00

Det vert skipa til eiga førehandsrøysting på Havnahuset og Fitjar bu- og behandlingssenter, onsdag 6. sept. Tidspunkt vert kunngjort ved oppslag på institusjonane.

Ta med valkort og legitimasjon!

Ambulerande røysting/røysting heime
Personar som ikkje kjem seg til røystelokale av ulike årsaker, kan søkja om å få røysta heime. Dersom det er aktuelt for deg, kan du skriva, ringja (53458500/53458545) eller på annan måte ta kontakt med kommunen. Slik søknad/førespurnad må vera kommunen i hende seinast tysdag 5. september.


Meir informasjon er å finna på www.fitjar.kommune.no og www.valg.no

 

Fitjar valstyre

Kontakt oss