Hopp til innhold Hopp til søk

Slåsting blant ungdommar

Oppretta: 16.11.2018 – Sist oppdatert 16.11.2018

Viser til stort medieoppslag i lokalpressa i dag.  Fitjar kommune vel å gå ut til alle i bygda med et brev som har blitt sendt ut til ungdomsskular og vidaregåande skular frå politiet angåande avtalt slåsting blant ungdommar i distriktet. Truleg kan også eit fåtal ungdomar frå Fitjar vera involvert i dette nye fenomenet.  Ved Rimbareid skule vert saka teken opp med ungdomane i dag for å kartleggja, avdekka og førebyggja slike hendingar. Det er ei viktig oppfordring til foreldra om at dei snakkar med ungdomane sine  om denne utviklinga.  Ungdomane må bevisstgjerast deira ansvar i høve til å melda ifrå dersom det vert avtala planlagde slåstkampar.

Brevet frå Politiet kan du lese her.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Sunnhordlandstreff 13. november

Oppretta: 29.10.2014 – Sist oppdatert 29.10.2014

Sunnhordlandstreff 13. november i Bergen
Oppdater deg på karrieremoglegheiter og kva Sunnhordland kan tilby deg!
Du er velkomen til sunnhordlandstreff 13. november 2014!

Stad: Radisson Blu Hotel Norge
Tid: 13. november kl 18:00 

På treffet treffer du bedrifter, kommunar, ordførarar og andre som ynskjer å vise deg kva Sunnhordland byr på.

Her blir du oppdatert på jobbmoglegheiter, du får knyte nyttige jobbkontaktar, det blir underhaldning, konkurransar, flotte premiar, servering og mykje anna.

Lyst å vinne dagspass til Tysnesfest 2015? Eller Festidalen 2015? Kanskje det er du som går heim med ny iPad?
På Sunnhordlandstreffet har du høve til å vinne desse flotte premiane. 

Arrangementet er sjølvsagt GRATIS!

**************************************************************************

MELD DEG PÅ I DAG for å sikre deg plass (avgrensa tal på plassar): 
Send e-post med namn, studiestad/arbeidstad til firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no.


Du kan også sende SMS til tlf 917 45 102. 

Påmeldingsfrist 5. november (pga matbestilling!).

**************************************************************************

Her er nokre av bedriftene som er klare for treffet:

Alsaker Fjordbruk
Bremnes Seashore
Bømlo kommune
Harding
Kvinnherad kommune
Tysnes Sparebank
Wärtsilä
Akvator
HSH
Stord kommune
Apply Leirvik
Etne kommune
Kvinnherad Næringsservice
Zenit Engineering
Tysnes kommune 
Advantec
SR-bank
Samarbeidsrådet for Sunnhordland 
Fitjar kommune  

Kontakt oss