Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Tilskot til lågterskel fysisk aktivitet for born og ungdom

Oppretta: 29.06.2018 – Sist oppdatert 08.08.2018

Kommunar og frivillige organisasjonar kan søkje på denne felles tilskotsordninga for tiltak innan fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv for barn og unge. Det vert lyst ut 375 000 kr i ny søknadsrunde med frist 15. september 2018.

Søknader knytt til tiltak for å nå éin time fysisk aktivitet kvar dag i grunn- og vidaregåande skule og tiltak knytt til oppstart og vidareutvikling av opne idrettsanlegg for eigenorganisert aktivitet for born og ungdom, vert prioritert i denne søknadsrunden. Dette er aktuelle satsingsområde både regionalt, nasjonalt og ikkje minst internasjonalt.

Kven kan søkje

Kommunar og frivillige organisasjonar. Det blir ikkje gjeve tilskot til fortenestebaserte verksemder.

Kva kan du få støtte til

Prosjekt som gjer dei aktive vala enkle for barn og ungdom i lokalmiljøa. Tiltaka skal gje ny kompetanse og overføringsverdi til andre kommunar og organisasjonar.

Tiltak der målgruppa har medverka blir prioritert. Vi oppmodar kommunar og organisasjonar til å samarbeide. Det blir ikkje løyvd tilskot til anlegg som kan søke spelemidlar eller til drift. Tiltak som har fått tilskot i tre år blir ikkje prioriterte.

Prioriterte prosjekt:

  • Tiltak som hindrar fråfall frå organisert aktivitet for ungdom
  • Tiltak for å nå minst ein time fysisk aktivitet kvar dag i grunn- og vidaregåande skule
  • Tiltak retta mot inkludering av fleirkulturelle gjennom idrett og friluftsliv
  • Lokale friluftslivstiltak som legg til rette for det enkle friluftslivet (dette kan også vere t.d. utandørs treningsapparat og felles utstyrsbankar)
  • Tilskot til oppstart og vidareutvikling av opne idrettsanlegg for eigenorganisert aktivitet for barn og ungdom
  • Dokumentasjon av turbruk ved å investere i teljepunkt

Gode prosjekt blir støtta med tilskot frå 10.000 til 100.000 kroner. Fylkeskommunalt tilskot kan ikkje vere høgare enn 50% av dei totale ressursane for prosjektet. Dugnad kan reknast som eigenfinansiering (inntil 300 kroner pr/time).

Føremål med ordninga

Ordninga skal bidra til å få fleire barn og unge i Hordaland aktiv kvar dag.

Kontakt oss