Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Utstilling i Galleri Losjen Astrid Kjellevold

Oppretta: 23.05.2019 – Sist oppdatert 28.05.2019

Me har gleden av å presentere Astrid Kjellevold sine bilder i Galleri Losjen. 

Opningstider i utstillingsperioden:

Tysdag 28. - onsdag 29. og torsdag 30. mai: 17.00 – 19.00.  Stengt fredag 31. mai. Laurdag 1. juni og sundag 2. juni:  kl.13.00 – 16.00

Astrid Kjellevold har malt i over 20 år, både innan akryl og oljemaling.
Arbeidar i hovudsak på store lerretsflater, og innan det abstrakte uttrykket.
Inspirert av spel mellom fargar, lys og natur - og er veldig glad i å skapa nysgjerrighet hjå den som ser.
Byrja med teikning og maling i ungdommen, og har sidan då eksperimentert med ulike uttrykk.
Arbeidar idag for det meste med tidkrevjande teknikkar der ein legg lag på lag med maling.
Bur på Stord, og har tre snart vaksne born, ein nabokatt og ein haltande Fiat 500.
Solgt kunst i mange år, i hovudsak til kundekrets på Vestlandet.

Har kunstkontoen: kunst_ak på Instagram

Kontakt oss