Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Plan og utvikling

Plan og utvikling behandlar søknader med heimel i m.a. plan- og bygningslov, matrikkellov, m.m. Avdelinga har sekretariatfunksjon for Utval for plan og miljø.

Ta kontakt med kommunen via telefon 53 45 85 00 eller på e-post fitjar@fitjar.kommune.no.

Gjeldande gebyrregulativ: Betalingssatsar

Tilsette

Anne-Lise Næs Olsen
Konst. leiar Plan og utvikling
Telefon 917 82 912

Kristin Meland
Sakshandsamar
Telefon 53 45 85 03

Anne-Kathe Helle
Konsulent
Telefon 53 45 85 04

Plan

Arealplanar er eit verktøy for å styra kommunen si utvikling i den retninga ein ønskjer, og planane set rammer for bruk og utforming av areal og bygningar i kommunen.

Plan- og bygningslova regulerer utforming og prosess for arealplanarbeidet. Lova skal fremje bærekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar (§ 1-1). Planlegginga skal vere open og sikre forutsigbarheit og medverknad. Det skal leggjast vekt på langsiktige løysingar. Arealplanar er juridisk bindande når dei er vedtekne av kommunestyret.

Ein arealplan består av: 

  • Eit plankart som med standardiserte symbol- og fargebruk synar ulike arealformål.                                
  • Planføresegner som gjev meir detaljerte opplysningar om arealbruk, utforming av bygningar, miljøkrav, parkering osv.                                                           
  • Ei planskildring som opplyser om planens føremål, hovudinnhald og verknad.

Plan og bygningslova omtalar ulike typar arealplanar. Det er to hovudtypar kommunale arealplaner:

  • Arealdel til kommuneplanen og kommunedelplanar
  • Reguleringsplanar

Les meir om kommuneplanen

Les meir om reguleringsplanar

Fitjar kommune sitt planregister

Skjema for tinging av oppstartsmøte for reguleringsplanar: Word-format - PDF-format

Byggjesak

Handsaming av byggje- og delingssaker skjer etter reglane i plan- og bygningslova.

For alle tiltak over ein viss storleik må det sendast inn melding eller byggjesøknad, og kommunen må gje løyve før søknadspliktige tiltaket kan starte. Tilknyting til offentleg veg, vatn og avlaup, alternativt  løyve til utslepp, må og godkjennast eller avklarast. Endra bruk av bygning eller eigedom må det også søkjast om løyve til.

Private kan bestille kartpakke (situasjonskart og naboliste mm.) til byggjetiltak hjå Fitjar kommune. 

Les meir om byggjesak

Søknadsskjema byggjesak (Direktoratet for byggkvalitet)

Skjema for ting av førehåndskonferanse:  Word-format - PDF-format 

Informasjon om felles kartbaser (FKB) finn du her

Oppmåling

Les meir om kart og oppmåling 

 

Kontakt oss