Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Kart og oppmåling

Kart og oppmåling:

  • Oppmåling av eigedom
  • Grenseutsetting
  • Kartverk

Søknadsskjema for oppretting av grunneigedom (Direktoratet for byggkvalitet)

Søknadsskjema for frådeling og rekvisisjon av oppmålingsforretning PDF-format -  rettleiar til søknadsskjema

Kart

Du kan søkje i grunnkart, kommuneplanen sin arealdel, reguleringsplanar, arealbruk og sjå flyfoto av kommunen i Fonnakart.

Oppmålingsforretning

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 24.06.2017

Oppmålingsforretning vil seie å kartleggje og beskrive grenser og rettar til fast eigedom. Dette dannar grunnlag for registrering i matrikkelen, som er det offentlege registeret over fast eigedom, med bygningar, bustader og adresser. Før ei ny eining blir registrert, må det som hovudregel gjerast ei oppmålingsforretning.  

Kommunen har ansvaret for å gjennomføre oppmålingsforretning innan 16 veker etter at rekvisisjon er tatt imot. 

Oppmålingsforretning må gjerast dersom du skal:

  • opprette ny matrikkeleining ved frådeling av grunneigedom, anleggseigedom, festegrunn eller jordsameige
  • registrere umatrikulert grunneigedom, jordsameige eller festegrunn
  • overføre areal frå ei matrikkeleining til ei anna ved samanslåing eller grensejustering
  • feste del av ei matrikkeleining for meir enn 10 år
  • endre registrert sameigefordeling
  • opprette eksklusiv bruksrett til uteareal eller eigarseksjon utan bygningar (f.eks. hageareal eller parkeringsplass)
  • måle og merke eksisterande grense på nytt

Les meir

Oppdeling av grunneigedom (ny matrikkeleining)

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 24.06.2017

Ønskjer du å dele opp eigedommen din, det vil seie å skilje ut tomt, må du søkje kommunen om oppretting av ny grunneigedom etter plan- og bygningslova. Kommunen vil måle opp eigedommen din og kartleggje og beskrive grenser og rettar til eigedommen (oppmålingsforretning).

Resultatet dannar grunnlag for registrering i matrikkelen, der den nye grunneigedommen blir tildelt eit eige gards- og bruksnummer. Matrikkelen er det offentlege registeret over fast eigedom, med bygningar, bustader og adresser.

Les meir

Kontakt oss