Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Byggesakskonsulent (ID 442)

Oppretta: 03.08.2017 – Sist oppdatert 07.08.2017

Ved eit eventuelt internt opprykk har avdeling for Plan og utvikling ledig 100 % fast stilling som byggesakskonsulent.

 

Plan og utvikling er kommunen si fag- og forvaltningsavdeling innanfor regulering, byggjesak, kart og oppmåling.

 

Avdelinga førebur og saker for Utval for Plan og miljø, kommunen sitt faste utval for plan- og byggjesaker.

 

Hovudoppgåver:


Som byggesakskonsulent  vil du jobbe med forvaltning etter plan- og bygningslova, samt etter kart- og planforskrifta:

  • Saksbehandling av byggesøknadar
  • Vedlikehald av grunnkart, eigedomskart og diverse temakart
  • Digitale kartdata i Fitjar
  • Vedlikehald av digitalt planregisteret i samarbeid med planansvarleg
  • Teknisk bistand, regulerings- og kommuneplanar
  • Forvaltning etter matrikkellova

 

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga. Du vil samarbeide med våre andre tilsette på avdelinga.

 

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Høgare utdanning, eksempelvis ingeniørhøgskule med relevant studieretning eller universitet
  • Kunnskap om plan- og bygningslova/kart- og planforskrifta og andre tilhøyrande forskrifter
  • Erfaring med GIS, geodata og anna plan- og kartarbeid er eit stort føremon
  • Relevant erfaring vil bli tillagt vekt ved vurdering av kompetansekrav

 

Ønskjelege personlege eigenskapar vert vektlagt.

 

Me kan tilby:


  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Positive og dyktige medarbeidarar
  • Løn etter avtale og gode pensjonsvilkår

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskjer om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

 

Ta gjerne kontakt for ein uformell samtale med byggesakskonsulent Anne-Lise N. Olsen, tlf 476 79 967.



Søknadsfrist:
31.08.2017.

 

Søknadsskjema finn du her.

Kontakt oss