Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Helsesøster 2. gongs utlysing (ID 489)

Oppretta: 11.05.2018 – Sist oppdatert 14.05.2018

Lyst å jobbe i eit triveleg fagmiljø?

Det er ledig 100 % stilling som helsesøster frå 01.08.18 til 31.12.18 Stillinga er kombinert med prosjekt- og vakansestilling, med høve for fast tilsetning i deler av stillinga. 

Stillingsstorleik og høve for utviding av stilling er avhengig av prosjektmidlar.

Fitjar helsestasjon består av 1 helsestasjon, 3 barneskular, 1 ungdomsskule og 1 vidaregåande skule, samt Helsestasjon for ungdom. Tenesta har tilsett helsesøstrer, jordmor, er knytt opp mot helsestasjonslege og har eit tett samarbeid med kommunal fysioterapeut.

Me søkjer etter deg som ynskjer å vera med å vidareutvikle våre tenester i helsestasjon- og skulehelsetenesta. Her vil du jobbe i eit fagmiljø som har fokus på tidleg innsats og samhandling.

 

Me tilbyr:

-          Eit triveleg og tverrfagleg miljø

-          Ei teneste under utvikling, både fagleg og ressurs messig

-          Ein kommune som er under ulike satsingar, t.d: «Tidleg inn», «Betre tverrfagleg innsats (BTI)», «Barn som pårørande», «Inkluderande barnehage og skule»

 

Arbeidsoppgåver:

-          Førebyggjande helsetenester til barn og unge, både i helsestasjons- og skulehelsetenesta

-          Bidra til fagutvikling og fagleg oppdatering av tenesta

 

Som helsesøster er me på jakt etter deg som:

-          Har helsesøsterutdanning

-          Er fagleg engasjert i førebyggjande arbeid og helsesøsterfaget

-          Har gode samarbeidsevner

-          Har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg

-          Tenkjer tverrfagleg og heilskapleg

-          Har evne til å arbeide strukturert og målretta

-          Er sjølvstendig, fleksibel og påliteleg

-          Fordel med arbeidserfaring som helsesøster

-          Personlege eigenskapar vert vektlagt

-          Den som vert tilsett må disponere eigen bil i arbeidstida

 

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk. Vitnemål og attestar skal takast med ved innkalling til eit evt. intervju. Den som vert tilsett må levera politiattest av nyare dato

 

For meir informasjon ta kontakt med leiande helsesøster Linn Therese Olaussen,
tlf.: 41641087 eller e-post: liol@fitjar.kommune.no

 

 

Søknadsfrist: 28.05.18.

 

Søknadsskjema finn du her. 

 

Kontakt oss