Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

ID 542 Helsesjukeplear - fast/prosjekt

Oppretta: 03.04.2019 – Sist oppdatert 05.04.2019

Lyst til å jobbe i ei trivelig fagmiljø?

Det er ledig 34 % fast stilling som helsesjukepleiar frå 01.08.19, eller etter avtale. Den totale stillingsstorleiken kan kome opp i 100 %, dersom kommunen får forventa prosjektmidlar, som er venta avklaring på i løpet av april.   

Aktuelle arbeidsoppgåver:

-          Førebyggjande helsetenester til barn og unge 0 – 20 år, både i helsestasjonstenesta, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom

-          Foreldrerettleiing i konsultasjonar/samtalar

-          Rettleiing og undervisning til barn og unge i skulehelsetenesta

-          Tverrfagleg samhandling

-          Utvikling av tenestetilbodet

Kvalifikasjonar:

-          Krav om norsk autorisasjon som sjukepleiar med godkjent vidareutdanning som helsesjukepleiar

Som helsesjukepleiar søkjer me deg som:

-          Har eit hjarte for barn, ungdom og familiar

-          Er fagleg engasjert i førebyggjande arbeid og helsesjukepleiarfaget

-          Er motivert for utviklingsarbeid kring tverrfagleg innsats og Barn som pårørande

-          Har gode samarbeidsevner

-          Har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg

-          Tenkjer tverrfagleg og heilskapeleg

-          Har evne til å arbeide strukturert og målretta

-          Er sjølvstendig, fleksibel og påliteleg

-          Fordel med arbeidserfaring som helsesjukepleiar

-          Personlege eigenskaper vert vektlagt

-          Den som vert tilsett må disponere eigen bil i arbeidstida

Me tilbyr:

-          Stillingsbrøk inntil 100 %, avhengig av prosjektmidlar

-          Eit triveleg og tverrfagleg miljø

-          Fleksible arbeidsforhold

-          Ei teneste under utvikling

-          Ein kommune som er under ulike satsingar, t.d. «Tidleg inn», «Betre tverrfagleg innsats (BTI), «Barn som pårørande», «Inkluderande barnehage og skule»

Fitjar helsestasjon er no i ein omstillingsfase. Hausten 2019 skal tenesta inn i etat ilag med barnehagar, skule og kultur. Helsestasjonen har tilsett 1 jordmor, 4 helsesjukepleiarar og er knytt opp mot helsestasjonslege og kommunal fysioterapeut.

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk. Vitnemål og attestar skal takast med ved innkalling til eit evt. intervju. Den som vert tilsett må levera politiattest av nyare dato

Kontaktperson: Leiande helsesjukepleiar Linn Therese Olaussen, tlf: 41641087, eller epost: liol@fitjar.kommune.no

Søk elektronisk her innan 29.04.2019

 

Kontakt oss