Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

ID 544 Miljøterapeut/miljøarbeidar i bustad, 66,31 % vikariat

Oppretta: 10.04.2019 – Sist oppdatert 11.04.2019

Fitjar kommune søkjer etter miljøterapeut/miljøarbeidar til ein bustad for bebuar med hjelpebehov, der ein har 1-1 bemanning.

Vikariat 66,31 % stilling med dag- og langvakter vekedagar, og arbeid kvar 4. helg i dag- og langvakter.
Vikariatet vil gjelde frå mai 2019 til september 2020, med moglegheit for forlenging.

 

Me søkjer etter deg som:

Er vernepleiar, sjukepleiar, autorisert helsefagarbeidar, omsorgsarbeidar og andre med relevant kompetanse.

Har evne til å formidla ro og fred rundt seg, har godt humør og tek uforutsette hendingar som ei utfordring. Interesse for å skape eit godt samarbeid mellom brukar, pårørande og tilsette, er fleksibel og ein ressurs i arbeidsmiljøet.

Menn vert oppmoda om å søkje.

Personlege eigenskapar, samarbeidsevne og fleksibilitet vil verte vektlagd.

Du må ha sertifikat på bil.

 

Arbeidsoppgåver:

Fylgja og vegleia bebuar i daglege gjeremål.

 

Fitjar kommune kan tilby:

Konkurranse dyktig lønn, godt arbeidsmiljø, vegleiing, og opplæring.

Løns- og arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk. Vitnemål og attestar skal takast med ved innkalling til eit evt. intervju. Den som vert tilsett må levera politiattest av nyare dato.

 

Nærare opplysingar om stillinga får ein ved å kontakta

Avdelingsleiar Modgunn Trovåg Vik tlf: 902 37 938 eller

einingsleiar Iren Mari Hamborg tlf: 53 45 86 18/974 67 069

 

Søknad med referansar og oppdatert CV sendast elektronisk. Søknadsskjema finn du her 

 

Søknadsfrist: 01.05.2019

Kontakt oss