Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Rådmann (ID 449)

Oppretta: 06.09.2017 – Sist oppdatert 11.09.2017

Fitjar kommune søkjer ein nytenkjande og inkluderande rådmann, som kan leia kommunen vidare gjennom tydeleg samfunnsutvikling, økonomistyring og smart tenesteyting.

 

Rådmannen er øvste leiar for den samla kommunale administrasjonen, med ansvar for samordna utøving av kommunale oppgåver. Strategisk leiing, organisasjonsutvikling og økonomistyring er sentrale oppgåver for rådmannsfunksjonen.

 

Ei viktig oppgåve er å leia og sikre ei vidare, positiv utvikling av kommunen, gjennom førebuing og gjennomføring politiske vedtak. Det same gjeld for kommunikasjon og samhandling med innbyggjarar, næringsliv og andre samarbeidspartnarar.

 

Me ynskjer ein rådmann med følgjande kvalifikasjonar:


• Strategisk dyktig, løysningsorientert og med god gjennomføringsevne
• Solid økonomiforståing, samt kunnskap om nærings- og organisasjonsutvikling
• Har gode leiareigenskapar, og innsikt i tilhøve mellom politikk og administrasjon
• Er tillitsvekkande og har godt humør, samt evne til å motivera, kommunisera og samarbeida
• Relevant utdanning på høgskule/universitetsnivå, samt leiarerfaring
• Personlege eigenskapar vert vektlagt - me ynskjer ein trygg og tillitsvekkande leiar


 

Fitjar kommune kan tilby ei utfordrande og spanande leiarstilling i ein veksande kommune. Løn etter avtale, samt god pensjonsordning og godt arbeidsmiljø.

 

Dersom søkjar ønskjer å bli unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

 

Ta kontakt med rådmann Atle Tornes for meir informasjon, telefon 911 33 984.

 

Søknadsfrist 26. september 2017.

 

Søknadsskjema finn du her.

 

Om arbeidsgjevaren:

Fitjar kommune er liten i innbyggjartal, men stor på naturopplevingar og fellesskap.

 

Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og eit mylder av øyar og skjer.

 

Gode butilhøve, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår. Kommunen har 3 191 innbyggjarar og ei positiv folketalsutvikling.

Kontakt oss