Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Sjukepleiar 80 % vikariat Heimebaserte tenester (ID 539)

Oppretta: 08.03.2019 – Sist oppdatert 08.03.2019

 

Ved heimebaserte tenester, inne på Havnahuset bu- og servicesenter har me ledig vikariat på 80 prosent for sjukepleiar frå april 2019 til februar 2020.

Arbeidstid: todelt turnus dag/kveld.

 

Kvalifikasjonar:

Godkjend autorisasjon.

Gode norsk kunnskapar skriftleg og munnleg.

Kan vise til gode samarbeidsevner og er serviceinnstilt.

Har interesse for, og glede av å jobba med menneske med ulike hjelpebehov.

Jobbar systematisk og tek ansvar og initiativ for avdelinga si totale drift.

Røynsle frå bruk av elektronisk pasientjournal er ei føremon.

 

Me tilbyr:

Triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer og eit godt fagmiljø.

Løn etter avtale.

God forsikrings- og pensjonsordning.

God opplæring og vegleiing.

 

Fitjar kommune ynskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje uavhengig av kjønn, alder og etnisk bakgrunn.

 

Vitnemål og attestar skal takast med ved innkalling til intervju. Den som vert tilsett må levera politiattest av nyare dato.

 

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte einingsleiar Iren Mari Hamborg tlf: 53 45 86 18 / 974 67 069.

 

Søk elektronisk her innan 22.mars.2019.

Kontakt oss