Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider i vallokala på valdagen 9. september

Oppretta: 04.09.2013 – Sist oppdatert 09.09.2013

På valdagen er opningstidene i dei ulike krinsane slik:

Røystekrins:                     Røystelokale:                   Opningstid:
01 Hageberg (Stranda)       Hageberg skule               09.00-12.00 og 16.00-20.00
02 Osternes                      Osternes bedehus
                                      NB. Nytt røystelokale         09.00-12.00 og 16.00-20.00
03 Rimbareid (sentrum)      Fitjar kultur- og
                                      idrettsbygg                       09.00-20.00
04 Øvrebygda                   Øvrebygda skule               09.00-20.00
05 Sælevik (Dåfjorden)      Sælevik skule                   09.00-12.00 og 16.00-20.00

Veljarane vert oppmoda om å røysta i den krinsen dei er manntalsførde, sjå valkortet.

Ta med valkort og legitimasjon!

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Førehandsrøysting

Oppretta: 07.08.2013 – Sist oppdatert 02.09.2013

Førehandsrøysting startar opp måndag 12. august i Kundetorget i Fitjar rådhus. Opningstida er frå kl. 0900 til kl. 1500. Dersom du ikkje har høve til å røysta i heimkommunen din på valdagen 9. september, kan du førehandsrøysta frå 12. august. Hugs å ta med valkort og legitimasjon.

 

Det vert og høve til å førehandsrøysta torsdagane 29. august og 5. september fram til kl. 1800, samt laurdag 31. august kl. 0900 - 1300.

 

Førehandsrøysting på institusjonane vil gå føre seg onsdag 4. sept. Kl. 0945-1030 på Havnahuset, og kl. 1045-1130 på FBB.

 

Dersom nokon ynskjer å førehandsrøysta heime grunna sjukdom/uførleik, kan ein ta kontakt med kommunen på tlf 53 45 85 00 innan tysdag 3. sept.

Kontakt oss