Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Stortings- og sametingsval 2017

Måndag 11. september 2017 er det stortings- og sametingsval.


RØYSTERETT

Norske statsborgarar som oppfyller følgjande vilkår har røysterett:

- fyller 18 år innan utgongen av valåret

- ikkje har mista røysteretten etter Grunnlova § 53

- er eller nokon gong har vore, folkeregistrert som busett i Noreg

MANNTALET

Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn på rådhuset i midten av juli, til og med valdagen. 

Den som meiner ein er uriktig oppført i manntalet kan krevje at valstyret i kommunen rettar opp feilen. Eit slikt krav må vera skriftleg og grunngjeve.

Manntalet byggjer på opplysningar frå folkeregisteret. Det er bustadadressa pr. 30. juni som avgjer kva kommune ein skal røysta i på valdagen.

 

VALKORT

Alle veljarar får tilsendt valkort i slutten av juli/byrjinga av august. Ta med valkortet når du skal røysta! 

Valkortet blir sendt til den adressa som er registrert i folkeregisteret.

 

RØYSTING

1. Tidlegrøysting

Dersom du ikkje har høve til å røysta under ordinær førehandsrøysting, og heller ikkje valdagen, kan du røysta frå 3. juli til og med 9. august.

2. Førehandsrøysting

Førehandsrøysting går føre seg i Fitjar rådhus frå 10. august til og med 8. september.

Opningstider:

Kvardagar veke 33-36                        kl. 09.00 - 15.00

Onsdag og torsdag i veke 35 og 36     kl. 09.00 - 19.00

Laurdag 2. september                        kl. 10.00 - 14.00

TA MED VALKORT OG LEGITIMASJON!

Kontakt oss