Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Allemannsretten

Beskrivelse

Oppretta: 13.11.2010 – Sist oppdatert 18.08.2017

Retten du har til å ferdast og opphalde deg i skogen, på fjellet og langs kysten blir kalla allemannsretten. Allemannsretten byggjer på respekt for miljøverdiar, grunneigarar og andre brukarar.

Retten til fri ferdsel og fritt opphald gjeld i utgangspunktet berre i utmark, men òg på innmark når marka er frosen og snødekt.

Med utmark meiner ein mark, skog, fjell, myr, lynghei, holmar og skjer.

Med innmark meiner ein dyrka jord, engslått, kulturbeite, skogplantefelt, gardsplass, hustomt og industriareal. Unntaket er område der ferdsel vil vere til utilbørleg fortrengsel for eigar eller brukar.

Vilkår

  • Du kan ferdast til fots i utmark heile året, når det skjer med omsyn til naturen, grunneigarane og andre brukarar. 
  • Du kan ferdast med hest, kjelke, tråsykkel eller liknande på veg eller sti i utmark og overalt i utmark på fjellet. På enkelte strekningar kan kommunen etter samtykke med grunneigaren forby slik ferdsel. 
  • Du kan ferdast til fots i innmark når marka er frosen eller snølagd, men ikkje i perioden 30. april til 14. oktober. Denne retten gjeld likevel ikkje på gardsplass eller hustomt, inngjerda hage eller park, der slik ferdsel vil vere til utilbørleg fortrengsel for eigar eller brukar.  
  • Du kan hauste ville nøtter som blir etne på staden og plukke og ta med deg ville blomar, plantar, bær, vill sopp og røter av ville urter, når det skjer med omsyn til naturen, grunneigarane og andre brukarar. I Nordland, Troms og Finnmark gjeld dette berre når eigaren ikkje har lagt ned uttrykkeleg forbod mot plukking. 
  • Du kan bade frå strand i utmark eller frå båt når det skjer i rimeleg avstand frå hus eller hytte der det bur nokon.
  • Du kan dra båten opp på strand i utmark for ei kortare stund, men du kan ikkje bruke kai eller brygge utan lov frå eigaren.
  • Du kan ikkje raste eller overnatte i innmark utan at du fått lov av grunneigaren. 
  • Det er ikkje lov å gjere opp eld i eller i nærleiken av skogmark i perioden 15. april til 15. september. 
  • I utmark kan du raste kvar du vil. Overnatting under open himmel eller telting er òg tillate, men ikkje nærare enn 150 meter frå hus eller hytte der det bur nokon. Skal du liggje meir enn to døgn på same stad, må du få løyve frå grunneigaren. Utan samtykke frå grunneigar kan du likevel telte når dette skjer langt frå hus og på høgfjellet.

Lover

Friluftslova § 1a (Kva ein forstår med innmark og utmark.)

Friluftslova § 2 (Ferdsel i utmark.)

Friluftslova § 6 (Ferdsel på sjøen og i vassdrag.)

Friluftslova § 9 (Rasting og telting.)

Forskrift om brannførebygging § 8-2 (Bruk av eld utandørs)

Kontakt oss