Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Bruksendring

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 27.03.2017

Ønskjer du å ta i bruk heile eller delar av ein bygning på eigedommen din til noko anna enn han er godkjend for, må du søkje kommunen om løyve til bruksendring.

Du kan sjølv søkje om bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel innanfor ei brukseining, til dømes dersom du planlegg:

  • å ta i bruk kjellar, loft eller uthus som bustad

Du må bruke ein ansvarleg søkjar (byggefirma) dersom du planlegg til dømes:

  • å etablere leilegheit i ein del av bustaden
  • endring frå bustad til næringsformål eller frå næring til bustadformål
  • endring frå fritidsbustad til bustad
  • å etablere familiebarnehage med 6–10 barn i bustaden (færre enn 6 barn er ikkje søknadspliktig)

Målgruppe

  • Privatpersonar og næringsdrivande som planlegg bruksendring på eigen eigedom
  • Ansvarleg søkjar (byggefirma), på vegner av den som planlegg bruksendring

Vilkår

  • Tiltaket må vere i samsvar med reglane i plan- og bygningslova om m.a. estetikk og avstand til nabo. 
  • Tiltaket må vere i samsvar med kommunale bygningsvedtekter, kommuneplan, utbyggingsplan og eventuelt reguleringsplan.
  • Alle naboar og tverrbuar skal varslast.

Lover

Plan- og bygningslova § 20-1 (Tiltak som høyrer innunder byggjesaksavgjerdene)

Plan- og bygningslova § 31-2 (Tiltak på eksisterande byggverk)

Byggesaksforskrifta

Rettleiing

Naboar og tverrbuar skal få høve til å komme med merknader før du sender søknad til kommunen.

Nabovarsling er gjennomført når:

  • ved e-postvarsling– nabo/tverrbu svarer at e-posten er tatt imot (det er ikkje nok med automatisk lesestadfesting)
  • ved personleg oppmøte– nabo/tverrbu kvitterer direkte på varselet og får ein kopi
  • ved rekommandert sending– Posten gir kvittering på at varselet er sendt rekommandert

Søknad om bruksendring må sendast kommunen innan eitt år etter at nabovarsel er gitt, viss ikkje må du gjennomføre nabovarsling på nytt.

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din innan tre veker etter at søknad med alle nødvendige vedlegg er tatt imot. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan dei tre vekene har gått og ingen nabo eller tverrbu har protestert, kan du rekne tillating som gitt.

Dersom søknaden inneheld ein dispensasjon frå reglar gitt i eller med heimel i plan- og bygningslova, skal kommunen behandle søknaden din innan 12 veker. Dersom denne fristen blir overskriden, vil det totale byggesaksgebyret bli redusert med 25 % for kvar påbegynte veke.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Fylkesmannen.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Kontakt oss