Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Bustadtilskot

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 23.11.2017

Treng du hjelp til å:

  • tilpasse bustaden din særlege behov 
  • komme deg inn på bustadmarknaden

kan du søkje kommunen om bustadtilskot. Eit bustadtilskot er eit beløp som du ikkje treng å betale tilbake.

Kommunen og Husbanken samarbeider om tildeling av tilskot, og kan gi tilskot til:

Tilpassing av bustad

Å tilpasse ein bustad betyr å gjere små eller store ombyggingar slik at du kan halde fram med å bu der, sjølv om du har nedsett funksjonsevne. Tilpassingar kan gjerast både i leigd og eigd bustad.

For større ombyggingsprosjekt kan du søkje Husbanken om tilskot til utgreiing og/eller prosjektering.

Etablering i eigen bustad eller refinansiering av lån

Tilskot kan bli gitt til økonomisk vanskelegstilte ved:

  • kjøp av ny eller brukt bustad. Tilskotet blir vanlegvis brukt som tilleggsfinansiering.
  • refinansiering av lån på grunn av betalingsproblem. Kommunen kan gi økonomisk rettleiing. Ein føresetnad for å få tilskot til refinansiering er at dette bidrar til ei varig løysing av dei økonomiske problema du har i samband med bustad.

Kommunen kan gi tilskot i kombinasjon med eit startlån. Kor mykje tilskot som blir gitt, avheng av økonomien din og kor stort startlån du kan betene.

Bustadtilskot blir vanlegvis berre gitt éin gong, men i nokre tilfelle kan du søkje om nytt tilskot.

Målgruppe

Tilskotsordninga er berekna for deg som:

  • har nedsett funksjonsevne og treng tilpassing av bustaden 
  • er eldre og ønskjer førebyggjande tilpassingstiltak
  • har varig låg inntekt og ikkje er i stand til å betene fullt lån til eigna bustad

Sjekk om du er i målgruppa (Husbanken)

Vilkår

  • Tilskotsordninga er behovsprøvd og er berekna på husstandar med store utfordringar knytte til bustad.
  • Bustaden kan ikkje nyttast til andre føremål enn det du gir opp i søknaden. Om du sel eller leiger ut bustaden, eller nyttar bustaden på ein annan måte enn føresetnaden, vil kommunen ta pant i bustaden og krevje tilbakebetaling av tilskotet.

Rettleiing

Kommunen kan hjelpe deg med å søkje om bustadtilskot, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkommande ha fullmakt.

Søknadsfrist

Du bør sjekke om kommunen har fastsett søknadsfrist. Mange kommunar har ikkje fastsett frist, men behandlar søknadane fortløpande.

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Klage

Får du avslag på søknad om bustadtilskot eller er misnøgd med tilskotsbeløpet, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Fylkesmannen.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Kontakt oss